Nyheter

Dei gjorde «alt riktig», men mista trygda si likevel – no må Nav betale millionar

Nav-skandalen har gitt mykje merksemd til dei som vart straffa fordi dei meldte til Nav at dei var i Norge, men som eigentleg var i eit EØS-land. Men kva med dei som faktisk sa i frå at dei reiste - og difor mista trygd? Nav reknar med at minst 3.000 av dei har mist stønad på feil grunnlag.

I minst sju år feiltolka Nav reglane for utbetaling av stønad til nordmenn som tok med seg trygd til utlandet. Dei som mottok støtte, og reiste til eit land i EU eller EØS, måtte rapportere om dette. Då kunne dei bli trekt i trygd, eller få avslag på den.
Regelen var at ein skulle opphalde seg i Norge.

Etter «skandalen» hausten 2019 viser dette seg å vere feil. No må Nav betale tilbake pengane til alle dei har trekt, eller stoppa, uriktig. Det kan vere snakk om 100 millionar kroner, ifølge Nav sjølv.

Leitar 'med lupe' etter feil i sakene

No jobbar Nav for å leite fram dei som kan ha mista arbeidsavklaringspengar eller sjukepengar dei skulle fått. Magne Fladby, leiar av innsatsteam for EØS-saker i etaten, anslår at rundt 3.000 personar kan vere ramma, og no ha krav på tilbakebetaling.

– Me har som ambisjon å bli ferdig med desse sakene ved utgangen av 2020, utdjupar Magne Fladby.

Før den tid har Nav gått igjennom 23.000 saker om avkorting eller avslag for å sjå kva saker som skal få ny saksbehandling. Så langt har om lag 2.300 fått det.

– Me har lagt lista lågt for å få tatt opp saka si på nytt. Om lag 45 prosent av desse har fått omgjort vedtaka sine, og fått etterbetalt pengar, seier Fladby i Nav.

LES ÒG: – Ingen har stilt de riktige og viktige spørsmålene, skriver Veslemøy Østrem om Nav-saken

OSLO  20130320.
Magne Fladby, direkt¯r for NAV kontroll, under fremleggelsen av en ny rapport om trygdemissbruk under et pressem¯te onsdag.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Magne Fladby leiar innsatsteamet for EØS-saker i Nav. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix

Aksjonist meiner Nav er for komplisert

– Når folk har fått lov til å reise til utlandet med arbeidsavklaringspengar, har det ofte blitt gjort feil, seier aksjons­leiar Elisabeth Thoresen i AAP-aksjonen.

Ho har følgt «trygdeskandalen» tett, og meiner Nav-systemet generelt manglar tillit til folk.

– Mottakarane har skrive på meldekortet sitt at dei har vore på ferie. Men ferien skulle i staden blitt ein del av aktivitetsplanen deira, seier Thoresen.

Mange som mottar ytingar frå Nav, må følgje ein aktivitetsplan. I den finst det krav til kva du må gjere for å få pengane du har fått vedtak om. Etter EØS-saka viser det seg at det ikkje speler nokon rolle kor du er geografisk, så lenge du held deg til planen. Og får du innvilga ferie, skal den bli ein del av aktivitetsplanen.

Likevel blei trygdemottakarar trekte for å dra utanlands. AAP-aksjonsleiaren meiner trygdeskandalen handlar om noko større: At kravet til å forstå Nav som system, er for stort.

– Det her, det er ikkje lett. Det er framleis slik at viss du vil reise til utlandet, så vil Nav ha kontroll på deg. Men dei kan ikkje nekte deg å dra så lenge du følgjer aktivitetsplanen din i dag, seier Thoresen.

LES ÒG: «Det granskerne ikke omtaler, er hvordan et massivt system kan endre sitt menneskesyn»

Oslo 20191105. 
leder for AAP-aksjonen, Elisabeth Thoresen, og Rita Elisabeth Rudiløkken under redegjøringen i Stortinget i forbindelse med trygdeskandalen som har sendt uskyldige i fengsel.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Eg kan ikkje sjå at Nav har lært ein døyt av denne saka, seier Elisabeth Thoresen, leiar for AAP-aksjonen.

Thorsen: – Må sette mennesket i sentrum

Sjølv om Nav no kan kome til å betale tilbake opp mot 100 millionar kroner, trur ikkje AAP-aksjonsleiaren at dette bøter på synda. Problema i etaten er mykje større, meiner ho:

– Eg kan ikkje sjå at Nav har lært ein døyt av denne saka. Som granskingsrapporten viste, er det noko som går igjen i etaten: Mangel på kompetanse, kommunikasjon og kapasitet, seier Thoresen.

Ho ønskjer ei opprydding i heile «arbeidslinja», og vil ha lovendringar som sett menneska
 i sentrum. Det krevst eit nytt verdi­syn, kor den menneskelege 
verdien kjem på dagsorden, meiner ho.

– Me har fått eit samfunn kor alt blir målt i kroner og øre, og kor mykje du produserer. Så gløymer me at den største ressursen landet vårt kan ha, er mennesket. Korleis kan me auke verdien på landet vårt viss systemet ikkje greier ta vare på kvar enkelt?

LES MEIR:

Nav-granskerne: – Ingen har skjøttet sine oppgaver godt. Ett organ som så, kunne endret hele saken

Han gransket trygdeskandalen: – Det er ikke er mange som har noe særlig å være stolte av i denne saken

Historisk høy andel uføre i Norge

---

Fakta:

  • 28. oktober 2019 blei det avslørt at Nav kan ha praktisert EØS-reglar feil sidan 2012.
  • Trygdemottakarar som har dratt til EØS-land har blitt feilaktig dømt for svindel eller blitt trekt i stønad.
  • Truleg er tusenvis av saker behandla feil, og 78 personar dømt feil for svindel.
  • 4. august 2020 kom rapporten til utvalet som granska feila. Rapporten viste systemsvikt i handteringa av trygde­reglane.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter