Nyheter

Dagen då frigjerarane kom til dødsleiren

15 år gammal gjekk Renee Salt inn porten til Auschwitz. Vel ein million barn, kvinner og menn gjekk aldri ut att. I dag er det 75 år sidan dødsleiren blei frigjort.

– Eg hugsar alt.

15-åringen blei jaga til venstre, saman med mora. Og overlevde. Faren blei jaga til høgre, på perrongen. Og blei drepen, med overlegg, i gasskammeret.

Renee Salt er ein overlevar; ein Auschwitz-overlevar. Saman med mor og far blei ho skyssa til konsentrasjonsleiren sør i Polen i 1944. For å døy. Fordi dei var jødar. Stua saman i krøttervogner, som kveg, kom dei til utryddingsleiren som var spesialbygd for massedrap. På jødar.

– Me blei tekne til ein hall, her blei alle strippa og alt håret på hovudet klypt av. Dei tok alt me hadde; smykke, klokker; alt. Me trudde vår siste time hadde kome.

Renee Salt overlevde dødsleiren. Men først i 2005 byrja ho å snakke om opplevingane i Auschwitz. I dag er tidsvitnet æresgjest under 75-års-markeringa i konsentrasjonsleiren, saman med kring 200 andre overlevarar. Til Auschwitz kjem også stats- og regjeringssjefar frå heile verda. Frå Norge stiller kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg.

Rudolf Höß var kommandant for konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau fra 1940 til 1943. I 1947 blei han dømt til døden for krigsbrotsverk og avretta ved henging i Auschwitz 1. Polakkane meinte han måtte møte døden der vel ein million menneske hadde døydd. Galgen står framleis.

Rudolf Höß var kommandant for konsentrasjonsleiren Auschwitz frå 1940 til 1943. I 1947 blei han dømt til døden for krigsbrotsverk og avretta ved henging i Auschwitz 1. Polakkane meinte han måtte møte døden der vel ein million menneske hadde døydd. Galgen står framleis. Foto: Bjørgulv Bjåen.

Valde Oświęcim fordi byen var eit jernbaneknutepunkt

Auschwitz er det tyske namnet på den sørpolske byen Oświęcim. Rett utanfor byen låg ein militærleir som den første krigssommaren blei omgjort til karanteneleir for polske, politiske fangar, for så å bli bygd ut til den mest effektive dødsleiren.

Oświęcim blei valt av tre omsyn. Kasernane kunne lett utvidast, leiren kunne lett isolerast; det var langt til næraste naboar – og viktigast av alt; Oświęcim var eit jernbaneknutepunkt i det tyskokkuperte Polen.

I 1941 kom den store utvidinga som gjorde at Auschwitz blei sjølve symbolet på nazistanes konsentrasjonsleirar. Auschwitz 2 – eller Birkenau – blei bygd tre kilometer unna hovudleiren. På den 140 hektar store tomta kom det opp rundt 300 fangebrakker samt latriner, kjøkken og administrasjonsbygg. Frå mars 1942 fungerte Birkenau som ein rein utryddingsleir. I Auschwitz 3 – eller Monowitz-Buna – blei tvangsarbeidarane stua saman.

 

Tre grupper nordmenn til dødsleiren

Massedrapa med gass starta i 1941, i krematoriet i Auschwitz 1. Frå sommaren 1942 blei jødane som kom med tog til Auschwitz sortert etter arbeidsevne, kjønn og alder. Gamle, sjuke, barn under cirka 14 år og storparten av kvinnene blei sendt rett i gasskammera. Arbeidsdyktige menn blei sette til tvangsarbeid.

To norske minoritetar blei sendt til utryddingsleiren, jødar og rom. Begge blei på det næraste utsletta i Auschwitz.

Til saman 66 rom blei deportert til Auschwitz. Berre fire overlevde.

Totalt 767 norske jødar blei sendt til Auschwitz. Berre 32 overlevde. Den første og største gruppa på 532 jødar – 302 menn, 188 kvinner og 42 barn - gjekk med lasteskipet «Donau» frå Oslo 26. november 1942 og derfrå vidare med tog til konsentrasjonsleiren 1. desember 1942.

Berre arbeidsdyktige menn overlevde første dag. Samuel Steinmann, den siste norske Donau-overlevaren som kom levande ut frå Auschwitz, døydde i 2015.

Ei tredje gruppe nordmenn blei også sendt til dødsleiren: Politiske fangar.

I Auscwitz 1 står det framleis eit krematorium.
I Auscwitz 1 står det framleis eit krematorium. Foto: Bjørgulv Bjåen.

Soldatane fann 7.000 levande i Auschwitz

27. januar 1945 kom frigjerarane inn porten, inn under skiltet «Arbeit macht frei». Dei hadde hammar og sigd på uniformsluene, og kom frå aust; Sovjetunionens raude hær.

I Auschwitz fann frigjerarane rundt 7.000 utmagra og utpinte fangar, resten hadde blitt sendt på ein dødsmarsj vestover. Mellom dei evakuerte var Renee Salt og mora. Noko av det siste den tyske SS-styrken som vakta leiren gjorde, var å skyte rundt 600 fangar som ikkje hadde krefter til å gå.

Ivan Martynushkin var mellom dei russiske soldatane som opna Auschwitzs portar. Han har fortalt om stilla som møtte dei, om menneska dei fann bak piggtrådgjerder.

– Det var vanskeleg å sjå på dei. Eg hugsar andleta deira, spesialt augo som forrådde deira prøvingar.

Martynushkin og hans medsoldatar fann enorme lager i Auschwitz. 370.000 herredressar. 837.000 kjolar og drakter. Og 7,7 tonn med menneskehår.

 

Auschwitz-Birkenau ført opp på verdsarvliste

Minnestaden og museet Auschwitz-Birkenau blei skipa allereie i 1947. I 1979 kom det på UNESCOs liste over verdas kulturarv. I 2005 vedtok FN at 27. januar skal markerast som den internasjonale Holocaustdagen.

I 15 år har Renee Salt fortalt, fortalt og atter fortalt om livet i Auschwitz.

– Det er framleis folk som seier at det ikkje skjedde, det er framleis dei som nektar det heile. Men du kan ikkje gøyme menneske som meg.

Kjelder: The Guardian, Observer, Times of Israel, NTB, snl.no.

LES MEIR

---

Holocaustdagen

  • 27. januar 1945 frigjorde styrkar frå Sovjetunionens raude hær den tyske konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Vel ein million menneske, for det meste jødar, blei drepne i Auschwitz.
  • I 2005 vedtok FN at dagen 27. januar skal markere folkemordet på seks millionar jødar, som den internasjonale Holocaustdagen.
  • Ordet «holocaust» tyder eigentleg brennoffer, i overført tyding stort offer, slakt eller massakre. Det hebraiske ordet shoah eller shoa, katastrofen, blir også brukt.
  • I 1939 budde det om lag ti millionar jødar i Europa – i 1945 var seksti prosent drepne. Halvparten var polske jødar.
  • Vanlegaste dødsstad var konsentrasjonsleirane, men svært mange døydde også i gettoar og i masseavrettingar under den tyske frammarsjen på Austfronten.
  • Også 400.000 rom og 250.000 funksjonshemma og homofile blei drepne.
  • I dag samlar stats- og regjeringssjefar seg i Auschwitz saman med overlevande for å markere at det er 75 år sidan leiren blei frigjort.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter