Nyheter

Bur seg på oppklaringsmøte

– Eg vil møte leiinga i KrF og KrFU, seier Julia Sandstø, og etterspør beklaging utan atterhald.

Ungdoms- og lokalpolitikaren Julia Sandstø stod sist veke fram og fortalte at ho hadde blitt trakassert og forfølgt av ein eldre tillitsvalt i KrFU.

Måndag gjekk ho ut i Vårt Land og sa at leiarar i både KrF og KrFU hadde svikta henne i oppfølginga av trasseringssaka.

Same dag sa generalsekretær Otto Galtung i KrFU at dei hadde «prøvd å få til ein dialog med Julia kvar dag no».

– Me har tilbydd ho støtte og bistand og invitert ho til å møtast, slik at me kan få snakka saman. Det har ho til no avvist. Eg vonar likevel me kan få til eit møte så snart ho er klar for det.

LES OGSÅ: – Nokon burde sagt han ikkje var skikka

Etterlyser

Julia Sandstø fortel at ho ikkje avviser å møte leiinga i moderpartiet og ungdomspartiet - ho har berre ikkje vore klar til å møte dei.

– Eg etterlyser at dei beklagar behandlinga av meg, ikkje at dei beklagar at eg opplever det vanskeleg, seier Sandstø.

LES OGSÅ: KrF beklagar handteringa

Register

Til Vårt Land seier generalsekretær Hilde Frafjord Johnson følgjande måndag:

«Jeg beklager virkelig at hun opplever at håndteringen ikke var god nok. Vi tar dette på dypeste alvor. Og som jeg også har formidlet til Julia direkte, skal vi opprette et register for slike saker, i forbindelse med retningslinjene som vi nå har under videre bearbeidelse i partiet.»

Sandstø er glad partiorganisasjonen i KrF no skal få på plass betre retningsliner for korleis trakkaseringssaker skal bli behandla.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter