Nyheter

Braut med Visjon Norge – Evangeliesenteret går til ny kanal

Kort tid etter at Evangeliesenteret avslutta 17 år på TV Visjon Norge, startar dei no eit samarbeid med Kanal 10.

1. juni går Evangeliesenteret sine sendingar over på den kristne, Oslo-baserte TV-stasjonen Kanal 10. Inntil nyleg samarbeida dei med Visjon Norge i 17 år, men førre veke var Evangeliesenteret éin av fleire aktørar som gjekk ut av Jan Hanvolds TV-kanal.

– Me er veldig takksame for moglegheita til å sende programma våre her, seier dagleg leiar i Evangeliesenteret, Trond Palmgren Eriksen, i ei pressemelding.

– Me ser òg fram til å jobbe i lag utover dei faste programma, for eksempel med konferansar, held han fram.

Ulike syn – gjekk kvar til sitt

Då Evangeliesenteret meldte at dei avslutta programma sine på Visjon Norge, sa dei at meir av innhaldet skulle over på nett, og at dei jobba med vegen vidare. Dei oppga «ulike syn på nokre område» som grunnen til at dei gjekk ut av Hanvolds TV-stasjon.

– Det er ulike ting som har leia oss hit. Det er ikkje basert på dei siste månadane, for å seie det sånn, sa Palmgren Eriksen til Vårt Land førre veke.

– Me har hatt ein bra prat i lag, og fått forståing for valet vårt. Me kjenner me kan gå vidare kvar for oss, sa han.

Også Adventistkirken og fleire svenske aktørar har slutta å samarbeide med Visjon Norge i løpet av denne våren. Fleire har oppgitt bråk, kontroversar og negative medieoppslag som grunnar.

LES OGSÅ: Forbrukertilsynet ga Visjon Norge bot på 250.000 kroner

Øyvind Rygg, kanal 10

Øyvind Rygg i Kanal 10 er takksam for stasjonens nye, røynde samarbeidspartnar.

– Gler oss til sterke vitnesbyrd

Kanal 10 seier dei «vil stå for original, klassisk kristendom. Kanal 10 Norge ønsker å være en profetisk klar røst i vår tid, basert på Guds Ord og Åndens ledelse».

Den ti år gamle kanalen gler seg til å få den nye partneren med på laget.

– Det mest dyrebare med å få med Evangeliesenteret, er å vise kva Gud gjer i desse menneska sine liv, blant anna gjennom dei sterke vitnesbyrda. Me har alltid vore imponert over kva Gud gjer i Evangeliesenteret, sier dagleg leiar Øyvind Rygg i Kanal 10.

Hyllar Hanvold som pionér

Like etter at fleire partnarar sa farvel til Visjon Norge sist veke, skreiv Kanal 10 denne hyllesten på Facebook:

«Uten Visjon Norge hadde ikke kristen-TV hatt slik fremgang som vi ser nå i Norge. Takket være pionerer som Hans Bratterud, Erling Ilsøe Nielsen, Jon Andersen, Frank Kaleb Jansen og Jan Hanvold har det blitt et gjennombrudd for evangeliet igjennom mediene her i landet.. Vi som kommer noen år etter ser og erfarer dette hver eneste dag. De som gikk foran fyller oss med takknemlighet og respekt.»

LES MEIR:

Kanal 10 meldte om krise i oppgangstider

• MIN TRO: LSD-rus, fengselstraff og kontroversar – dette er historia om Jan Hanvold

• VÅRT LAND MEINER: Stans hetsen av Hanvold

Hanvold svarar på korona-kritikken: – Det var rein bibelsk lære

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter