Politikk

Blir tidenes yngste statsråd: Ida Lindtveit Røse (27) tar over for Ropstad

Medan KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad skal i pappaperm, blir Ida Lindtveit Røse ny barne- og familieminister, melder NRK

No har KrF og Kjell Ingolf Ropstad funne statsrådens arvtakar medan han skal ut i pappapermisjon.

Frå juni, og tre månadar framover, blir 27 år gamle Ida Lindtveit Røse ny barne- og familieminister, melder NRK.

– Eg blei veldig overraska då telefonen kom, men då sjokket la seg var eg ikkje i tvil om at dette må eg svare ja til, skriv Lindtveit Røse i ein epost til Vårt Land.

– Då var det berre å fikse logistikken heime, framskynde pappapermen og hoppe i det, skriv ho vidare.

Den nyslådde statsråden skulle eigentleg vore i mammaperm nokre veker til, og såg for seg ein rolig overgang tilbake på jobb. Slik blei det ikkje.

– Eg hadde ikkje gått rundt og tenkt på dette som ei moglegheit, nei.

– Ansvaret skremmer meg ikkje

Lindtveit Røse skal ha vore i samtalar på Statsministerens kontor onsdag denne veka. Då gav Erna Solberg sitt ja til KrF sin føretrekte statsrådsvikar.

– Eg skal gjere alt eg kan for å sikre at Kjell Ingolf kan ha låge skuldre, kunne kople ut litt og nyte tida i pappaperm, skriv ho på Instagram laurdag kveld.

Den nye barne- og familieministeren melder til Vårt Land at det er klart ho tenkjer på ansvaret ho no får.

– Oppgåvene som statsråd for familiar, barn og unge er enormt viktig. Eg skal òg vere del av ei regjering som leiar landet gjennom ei krise.

– Det at oppgåvene er viktige, skremmer meg ikkje, men det gjer at eg kjenner på ansvaret for å gjere ein god jobb, held Lindtveit Røse fram.

LES MIN TRO MED RØSE: Ida Lindtveit snakkar lite om såre og vanskelege ting med andre. Men til Gud kan ho seie alt

Vil setje sårbare barn først

– For meg er det ikkje tvil om at det er arbeidet for dei mest utsette barna som blir viktigast for meg i denne perioden, fortel den nye barne- og familieministeren til Vårt Land.

Ved månadsskiftet mai-juni blir 27-åringen øvste ansvarlege for barn, unge og familiar i Noreg.

– Vårt felles ansvar for dei barna som av ulike grunnar ikkje har det bra, har blitt ekstra tydeleg dei seinaste vekene. Når normalen kjem sakte, men sikkert tilbake, må me ikkje gløyme dei, skriv ho vidare.

– KrF satsar på unge kvinner

Ikkje lenge etter at Henrik Asheim (H) var pappaperm-vikar for Torbjørn Røe Isaksen, blei han utnemnt til statsråd for forsking og høgare utdanning. På spørsmål om Ida Lindtveit Røse håpar på det same, svarar ho:

– Eg er ikkje typen som seier nei til ei utfordring, men akkurat no satsar eg vel på at sjefen kjem tilbake som planlagd frå perm.

– Eg gler meg til å gjere ein jobb på fylkestinget i Viken når vikariatet er over, og så får ein vel berre sjå kva framtida bringer, seier ho.

Då Aps Hadia Tajik blei kulturminister i 2012, var ho tidenes yngste statsråd med sine 29 år. Ida Lindtveit Røse er no 27 år, og har allereie rekt å markere seg som gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken og som KrFU-leiar frå 2015 til 2017.

– Eg er stolt av å vere med i eit parti som satsar på unge kvinner, der ein får moglegheiter og ansvar, skriv Røse på sin eigen Instagram laurdag kveld.

Støtta blå side i KrF sitt retningsval

Tidlegare har den påtroppande statsråden meint at partiet bør bruke meir tid på kampen mot sortering av liv enn retten til sjølvbestemt abort for kvinner.

– Eg støttar sjølvbestemt abort innan veke 12, sa ho til Aftenposten i fjor.

Då KrF sto framfor retningsvalet sitt i 2018, valde Lindtveit Røse å støtte noverande partileiar Ropstads «blå side». Lindtveit Røse har nyleg jobba med kommunikasjon i byrået First House, noko professor Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo omtalte som problematisk då ho tiltrådde.

LES MEIR:

Då KrFs generalsekretær Geir Morten Nilsen var 12 år haldt han si dødande mor i handa – då fann han trua

• KrF risikerer dundrande nederlag i to viktige verdisaker: Bioteknologilova og Moria-barna

Sjå KrFs bistandsminister Dag Inge Ulstein spele og synge i Vårt Lands salmedugnad

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk