Nyheter

Blir norsk i naturen

Friluftsliv er ein viktig møteplass i arbeidet med å styrkje integreringa, seier Zahra Omar. Ho er på dagstur med Turistforeningen.

Bilde 1 av 3

– Eg vil bli lege eller lærar.

Selma Said Ali nyt sommarfridagen på Gressholmen i Oslofjorden. Snart er det klart for nytt skuleår og meir kunnskap, og tiåringen har staka ut mogelege yrkeskarrierar.

– Eller så vil eg bli fotballspelar.

– Det vil eg også bli, kjem det frå søster Byadan Said Ali på åtte.

Zahra Omar har lagt ut teppe og funne fram mat og drikke til dei tre døtrene. Vårt Land er på tur med DNT Oslo og Omegn, der DNT står for Den norske turistforening. To gonger i veka i sommarferien tilbyr regionavdelinga turar til øyane i Oslofjorden – eit lågterskeltilbod der mange av deltakarane har innvandrarbakgrunn.

– Turane er både hyggjelege og lærerike, så vi har vore med på fleire i sommar, fortel Zahra Omar.

LES MEIR: Varslar strengare norskkrav

Språk

Med på turen er også kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H), som har fått i oppdrag å lage ein ny integreringsstrategi innan desember.

– Friluftslivet er kanskje ein av dei viktigaste nøklane til integrering, i tillegg til det å lære seg norsk. For det er når vi møtast side om side på fotballbanen, på stranda eller når vi går tur, at ein verkeleg lærer seg språket, fortel han og held fram:

– Eg har møtt dei som har brukt tilboda til jeger- og fiskeforeiningar, til Turistforeningen eller Røde Kors og som fortel meg at det var der dei verkeleg lærte å snakke norsk, for via friluftslivet får ein den praktiske norsken.

LES MEIR: Lærer både språk og fag i Levanger

Frivillig

Nils Øveraas er samd. Generalsekretæren i Turistforeningen har også funne vegen til Gressholmen.

– Når vi møtest i naturen oppfører vi oss annleis enn i byen, vi stoppar opp og snakkar med dei vi møter. Difor er møteplassar som dette særs viktige når ein skal styrke integreringa av innvandrarar, seier han.

Ansvarleg turleiar i dag er Mehdi Maghsudi. Med raud vest viser han veg frå fergekaien til vika som blir dagens leirplass og tumleplass.

– Naturen er min andre heim, seier iranaren som brukar mange timar i veka på frivillig arbeid i regi av DNT Oslo og Omegn. For å få fleire innvandrarar til å finne nyttige vegar ut av asfaltjungelen.

Variert

Jan Tore Sanner er raus med rosen:

– Friluftsliv er ein norsk verdi som er for alle, og Turistforeningen er veldig flinke til å ha tilbod for alle; til dei som likar toppturar og til dei som brukar nærfriluftslivet.

– Vi må hugse på at mange har ikkje råd til å kjøpe ski eller skøyter, men via frivillige organisasjonar kan dei kome seg ut av byen, ut på holmane som her, vere ute og bade og spele fotball og ha det moro saman.

Støtte

Solberg-regjeringa er svært oppteken av friluftslivets plass i integreringsarbeidet. Då regjeringa vedtok Ny handlingsplan for friluftsliv i juli, presenterte klima- og miljøminister Olav Elvestuen (V) ei kommunal støtteordning:

«Familier med minoritetsbakgrunn er mindre aktive i friluftslivsaktiviteter og bruker i stor grad parker og opparbeidede grøntarealer til rekreasjon. Å mestre og føle seg trygg i aktiviteter i naturen er en viktig del av norsk kulturarv, og en del av integreringen i vårt samfunn. Tiltak som tar sikte på å aktivisere og lære opp barn og unge med levekårsutfordringer i friluftsaktiviteter vil kunne søke støtte».

LES MEIR: Kvotert til Norge - lever på sosialhjelp

Strategi

Kunnskaps- og integreringsminister Sanner seier friluftsliv er god kvardagsintegrering, og varslar at kvardagsintegrering blir ein av hovudstolpane i strategien han legg fram seinare i haust. Han har fire slike stolpar:

Norskopplæring og utdanning, arbeid, negativ sosial kontroll – og kvardagsintegrering.

– Her blir dei frivillige organisasjonane viktige, seier Sanner.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter