Nyheter

Blir nekta asyl - får søkje lovleg arbeid

Det Arne Viste kjempar for er praktisk politikk i Sverige. Asylsøkjarar med endeleg avslag kan skifte spor og søkje arbeidsløyve. Søknadsbunken er firedobla på fire år.

Migrationsverkets tilbod er enkelt:

«Om du har fått avslag på søknaden om asyl, og har fått eit vedtak om utvising som har byrja å gjelde, kan du i visse tilfelle søkje om arbeidsløyve utan å reise frå Sverige.»

– Dette tilbodet er god politikk som tek vare på ei sårbar gruppe, seier Tor B. Jørgensen, styreleiar i Mennesker i Limbo, til Vårt Land. Organisasjonen han leiar prøver å hjelpe papirlause og ureturnerbare som oppheld seg i Norge.

– Difor bør Norge gjere som dei gjer i Sverige, styresmaktene må la asylsøkjarar med endeleg avslag få ein sjanse til, få søkje arbeidsløyve, seier Jørgensen som er pensjonert biskop i Den norske kyrkja.

Ureturnerbare er asylsøkjarar med endeleg avslag, men som ikkje blir sendt ut av landet fordi heimlandet nektar å ta i mot borgaren. Rundt 3.000 ureturnerbare oppheld seg i Norge i dag.

 

LES MEIR: Vil straffe Viste med fengsel og inndra millionar og gje han ei bot

Firedobling av sporskiftesøknader på fire år

I 2015 leverte berre 632 utlendingar med avslag på asylsøknaden ein ny søknad om å få arbeidsløyve - og med det rett til lovleg opphald i Sverige.

Fire år seinare har talet på søknader eksplodert. Nesten 2.300 hadde søkt i perioden januar-september i år – så her blir det endelege talet høgare. I fjor stoppa talet på 2.112, opplyser Migrationsverket.

Men for å få lov til å skifte spor, må søkjaren innfri ei rekkje vilkår:

Må søkje arbeidsløyve seinast 14 dagar etter at asylavslaget er endeleg.

Må ha gyldig pass.

Må ha vore arbeidstakar dei siste fire månadane.

Må ha eit tilbod om arbeid i minst 12 månader til frå same arbeidsgjevar.

Må ha løns- og arbeidsvilkår som er i samsvar med svensk lovverk og gyldig tariff.

Norge stramma inn i 2011

Arne Viste, som eig og driv vikarbyrået Plog, utfordrar det norske lovverket som nektar utlendingar med endeleg asylavslag å arbeide lovleg. Han meiner at dei som er såkalla ureturnerbare skal få jobbe i Norge når dei likevel ikkje kan sendast tilbake til heimlanda. I morgon fell dommen i straffesaka mot Viste (sjå eiga sak).

Fram til 2011 fekk ureturnerbare såkalla D-nummer, eit mellombels personnummer som sikra dei rett til å jobbe lovleg og betale skatt i Norge. Men så stramma skattestyresmaktene inn ordninga - og Stoltenberg-regjeringa opna aldri opp igjen for lovleg arbeid for ureturnerbare. Sidan 2013 har Solberg-regjeringa sagt seg samd.

Mange får nei til arbeidsløyve i Sverige

Sverige tilbyr altså det Viste ønskjer; retten til lovleg opphald - og lovleg arbeid, sjølv om utlendingsforvaltninga meiner at ein ikkje har bruk for vern, altså asyl, eller opphald på humanitært grunnlag.

Ordninga blei innført då Riksdagen liberaliserte reglane for arbeidsinnvandring.

Men om interessa for sporskiftet er firedobla dei siste åra, opplyser Migrationsverket at talet på innvilga søknader ikkje er like høgt. Berre halvparten av dei som søkjer får årleg positive svar, melder nyhendebyrået TT. Fleire oppfyller ikkje vilkåra.

LES MEIR: Dommen i Viste-saka vil påverke vikarar i Plog

Migrasjonsverket ser misbruk

Migrationsverket har også avdekt det ein meiner er forsøk på misbruk.

Forsøk på å kome seg rundt utvisingsvedtak: Innvandrarar frå land utanfor EU/EØS kjem til Sverige, men oppfyller ikkje krava og får avslag, men søkjer så asyl. Når asylavslaget er endeleg, søkjer ein om arbeidsløyve; altså skiftar spor.

To land utnyttar den svenske ordninga: Det er svært mange søknader om sporskifte frå borgarar frå Georgia og Mongolia.

Avdelingssjef Erik Holmgren i Migrationsverket forklarar til TT at borgarar frå Georgia og Mongolia normalt ikkje har behov for vern.

– Då må motivet vere noko anna, til dømes å skape seg eit betre liv.

---

Sporskifte

  • I Sverige kan asylsøkjarar med endeleg avslag søkje arbeidsløyve, men dei må innfri fleire vilkår:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter