Nyheter

Blir forbode utan merking

Unaturleg slanke kroppar og retusjerte bilete er skadeleg for ungdom sin psykiske helse, meiner opposisjonen. I Stortinget er det fleirtal for ei lovendring som påbyr merking.

Onsdag diskuterer Stortinget eit forslag om at reklame med retusjerte bilete skal merkast, slik at det går tydeleg fram kva som er ekte og falskt i reklame.

Det er SV som har stilt forslaget, og dei får med seg alle opposisjonspartia til å danne fleirtal for lovendringa.

Bombardert

– Ungdom blir bombardert med reklame overalt, og reklame viser ofte fram dårlege og uoppnåelege kroppsideal. Dette er eit oppgjer mot reklamebransjen og ein skjønnheitsindustri som tener masse pengar på ungdom sin usikkerheit, seier stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård (SV).

Han meiner at reklame er ei viktig årsak til kroppspress.

– Nye tal viser at over 60 prosent av unge jenter vil endre på kroppen sin. Så vi har nesten ein heil generasjon som veks opp, som ikkje liker sin eigen kropp, seier han.

Kroppsfasong

Det er meininga at lova om merking skal gjelde bilete i reklame som er retusjert, slik at kroppsfasongen til menneske i reklamen har blitt endra.

Det er ikkje berre i Stortinget at dei diskuterer merking og forbod mot retusjert reklame. I Oslo vedtok bystyret tidlegare i år at retusjert reklame ikkje skal finnast på kommunale reklameflater i byen.

Nøgd

Ungdomsorganisasjonen Press har lenge jobba for regulering av retusjert reklame, og er glade for at det no blir ei lov om merking.

– Vi er veldig nøgde med at det er fleirtal for eit konkret tiltak mot retusjert reklame. Men problemstillingar om kroppspress mot unge er eit stort felt, med mange utfordringar, og det er ikkje klare tiltak på alt enno, seier Øystein Kolstad Kvalø, som er leiar i Press.

Han meiner at kroppspress er ein viktig årsak til psykiske lidingar hjå ungdom i dag.

– Veldig mange unge kjenner på kroppspress, og unge sitt forhold til eigen kropp kan påverke deira psykiske helse, seier Kvalø.

Oppfølging

Sjølv om han er nøgd med ei lov om merking av reklame, ventar Press at Stortinget følgjer opp med fleire konkrete tiltak for å betre unge sin psykiske helse, til dømes i skulen.

– Unge bør lære meir om kritisk tenking når det gjeld kva som ligg bak bileta brukt i reklame. I tillegg må skulehelsetenesta bli meir tilgjengeleg for elevane, og dei må ha betre kompetanse på psykisk helse, seier Kvalø.

Falsk tryggleik

Opposisjonen vil altså gi fleirtal til forslaget om merking av reklame, medan regjeringspartia meiner ei lov om merking kan få uheldige konsekvensar.

– Vi fryktar at vi skaper ein falsk tryggleik med å regulere nokre verkemiddel i Norge, medan vi veit at ungdom blir utsett for innhald over nettet frå utlandet, som ikkje vil få noko merking, seier Tage Pettersen, stortingsrepresentant for Høgre.

Han seier at moteindustrien i Norge er forsvinnande liten samanlikna med resten av verda. Norsk regelverk vil difor berre kunne handheve norske aktørar, på same måte som reklame for spelselskap.

Teigkampar

I staden for å lage nye lovar vil Høgre heller legge betre til rette for å kunne handheve dei lovene vi har i dag.

Dei meiner det er problematisk at Helsetilsynet, Mattilsynet og Forbrukartilsynet har overlappande ansvar i desse sakene.

– Mange fagmyndigheiter har interesser i desse problemstillingane, så vi ber om ein gjennomgang av grenselanda mellom dei ulike tilsyna, seier Pettersen.

Tapte

SV, som stilte forslaget om merking av retusjert reklame, stilte også fleire forslag som dei ikkje vil få fleirtal for i Stortinget. Mellom anna eit forbod mot reklame for kosmetiske, kirurgiske inngrep.

I staden kjem Stortinget mellom anna til å vedta ei utgreiing av eit slikt forbod.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter