Nyheter

Blei partisekretær etter toppjobbar i FN

Hilde Frafjord Johnson var utviklingsminister i to regjeringar, så FN-topp før ho vende heim til KrF.

«Det vil handle om å drive parti­bygging i en ny tid», sa Hilde Frafjord Johnson då ho svært overraskande kom tilbake til norsk politikk vinteren 2016, som generalsekretær i Kristelig Folkeparti.

Vel tre år seinare sluttar ho. Kva som ventar er ikkje kjent.

Minister to gonger

I studietida var ho nestleiar i KrFU, og i 1993 blei sosialantropologen valt inn på Stortinget for Rogaland KrF. Ein stortingsperiode seinare var ho mellom dei KrFs Kjell Magne Bondevik greip til då han skipa regjering etter valet i 1997, Frafjord Johnson blei utviklingsminister.

Då Bondevik II blei sett saman i 2001, blei rogalendingen som er fødd i Tanzania, på nytt utviklingsminister. Jobben hadde ho fram til dei raudgrøne overtok fire år seinare.

LES OGSÅ: Hareide ikke overrasket over Frafjord Johnsons avgang

Tapte toppjobb

Eks-statsråden var ei stund med i kampen om prestisjetoppjobben i FNs utviklingsfond, men måtte til slutt gje tapt, ho blei ikkje generalsekretær i UNDP.

Etter eit mellomspel som spesialrådgjevar i Afrikabanken, kleiv Frafjord Johnson opp på nest øvste trinn i UNICEF – ho blei nestleiar i FNs barnefond i åra 2007-2011.

Protestar i Sør-Sudan

I 2011 takka ho ja til å bli leiar for FN-operasjonen i Sør-Sudan (UNMISS), som overvaka freden i den skjøre og ferske nasjonen Sør-Sudan, som var og er sterkt støtta økonomisk av Norge.

Tre år seinare kravde demonstrantar at Frafjord Johnson måtte bli fjerna frå toppjobben, dei skulda FN for å smugle våpen til opprørarar i Sør-Sudan. Sjølv forklarte ho at protestane mot henne bygde på «tabber, misforståelser og aktiv ryktespredning».

Partibygging i Norge

Likevel avslutta Hilde Frafjord Johnson oppdraget i landet, og reiste heim til Norge. Same år blei ho medlem i eit ekspertpanel som fekk ansvaret for ein totalrevisjon av FNs fredsbevarande operasjonar.

To år seinare blei ho tilsett i KrF, som partisekretær. Som generalsekretær skulle ho byggje parti.

LES OGSÅ: Hemmelige krisetall gir Frafjord Johnson stryk

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter