Nyheter

Bjarte Ystebø har samla inn 400.000 til Oslo Symposium

Oslo Symposium har ingen rike onklar som betalar rekningane, seier Bjarte Ystebø. Men han har samla inn 400.000 kroner frå gjevarar for å kunne dele ut minneprisar. I år får eks-presidentkandidat Mike Huckabee 100.000.

Kristne i Norge er ikkje vande med å måtte betale inngangspengar for å delta på stemner, erkjenner primus motor i storsamlinga Oslo Symposium, Bjarte Ystebø.

– Men mange er villige til å betale det det kostar å delta på Oslo Symposium.

– Kor mange er påmeldt i år?

– Mellom 550 og 600.

– Går arrangementet med overskot i år?

– Det veit vi ikkje sikkert, men det kjem til å gå greitt trur eg.

LES MEIR Ystebø: Støtt Listhaug

Får overskot

Ystebø fortel at den første samlinga gjekk med underskot, men at dei no har ein sunn økonomi. Samlinga i Oslo er arrangert to gonger tidlegare, 2011 og 2013.

– Takka vere dugnaden. Mange stiller opp gratis for å få ­arrangert Oslo Symposium.

– De har mange talarar, får dei honorar?

– Statsrådar og politikarar får ingenting, ei heller mange av dei andre talarane. Dei som kjem frå utlandet får betalt reise og kost og losji og eit mindre ­honorar, seier Ystebø.

LES MEIR: Oslo Symposium vil presse KrF til å stenge Ap ute

Betalar ikkje honorar

Dei som i dag benkar seg i Oslo Kongressenter for å høyre Frps innvandrings­minister Sylvi Listhaug, KrFs partileiar Knut Arild Hareide eller Israels norgesambassadør Raphael Schuz, har anten ­betalt 990 kroner for to dagarssamlinga eller 690 kroner for dagpasset.

– Dei fleste som kjem har ­ betalt 990 kroner for begge­dagar, seier Ystebø.

Oslo Kongressenter opplyser på heimesida at deira dagsprisar spenner frå 565 til 665 kroner.

Sentral mann

Oslo Symposium har tre samarbeidspartnarar, avisa Norge I Dag og organisasjonane Kristenfolket og Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ). I tillegg er stiftinga Kåre Kristiansens Minnefond nært knytta til arrangementet. For stiftinga deler ut Kåre Kristiansens Minnepris under Oslo Symposium.

Når ein går gjennom desse organisasjonane, er det ein mann som går igjen: Bjarte Ystebø.

Ystebø er organisatoren bak Oslo Symposium.

Ystebø er assisterande ­redaktør i Norge I Dag. Her skriv han sjølv begeistra om Oslo Symposium, og blir intervjua av avisa han jobbar i, om Oslo Symposium.

Ystebø er både dagleg leiar og styreleiar i Kristenfolket. På heimesida til organisasjonen skriv Ystebø at «vi er en grasrotorganisasjon som tror på et Norge bygget på kristendom og kristne verdier». Via heimesida sel Kristenfolket ei bok der alle talane frå Oslo Symposium 2013 er samla. Boka kostar 349 kroner.

Ystebø er styreleiar i Kåre Kristiansens Minnefond, ei stifting som heidrar KrFs tidlegare leiar Kåre Kristiansen ved å dele ut ein minnepris til ein «person eller organisasjon i Norge ­eller i utlandet som har demonstrert mot, styrke og ­integritet, utmerket seg i kampen for ­judeokristne verdier og vist solidaritet med Israel og det jødiske folk».

Bjarte Ystebø har ingen formelle posisjonar i Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem, men eit av styremedlemmene kjenner han godt, Anita Apelthun Sæle. Ho er økonomidirektør og kommentator i avisa Norge I Dag – og er hyrt inn som talar på Oslo Symposium.

Innsamla kroner

Styret i stiftinga Kåre Kristiansens Minnefond har vedtatt at med Kåre Kristiansens Minnepris følgjer det 100.000 kroner.

Denne summen blir samla inn kvar gong prisen skal delast ut. Før årets tildeling er han delt ut tre gonger tidlegare, 2011, 2013 og 2015.

Prispengane blir samla inn blant dei som ønskjer å heidre Kåre Kristiansens minne, og som har syn for Israels sak fortel Ystebø, og seier at det går lett å samle inn summen.

– Kor mykje har den største einskildgåva til prisen vore på?

– Ein gav 50.000 kroner eit år, fortel Ystebø.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter