Klima

Biskopar skal møte 
næringa etter oljerefs

I vår ba Tor B. Jørgensen og Olav Øygard om utfasing av oljenæringa. 
Måndag vil Statoil vise fram kor viktig oljenæringa er i nord.

I helga skal dei to biskopane sykle gjennom Lofoten for å markere sin klimainnsats. Deretter blir dei møtt av oljenæringa i Hammerfest og Harstad.

Heit debatt

– Å fase ut oljeproduksjonen er ikkje klimapolitikk som eg som medlem av kyrkja kan stille meg bak, uttalte Høgres storstingsrepresentant, Tina Bru i februar til NRK.

Dei to kyrkjetoppane måtte tåle krass kritikk frå fleire hald då dei tidlegare i år tok til orde for dette. Norge burde bremse oljeproduksjonen og la mykje av oljen liggje i bakken, skreiv dei i ein kronikk. Tina Bru som melde seg ut av Den norske kyrkja og Høgre-kollega og ordførarkandidat i Harstad, Helge Eriksen, gikk i rette med biskopane og bad biskopane med på studietur for å besøke oljenæringa.

LES OGSÅ: Norsk biskop kan signere klimabrevet

– Kan bli påverka

Begge biskopane takka ja, og studieturen er lagt inn som ein del av Den norske kyrkjas Klimapilgrim 2015 der pilegrimsvandringar og arrangement skal skape blest om klimatoppmøtet i Paris i ­november.

– Eg ser veldig fram til å møte dei som arbeider i oljeindustrien, seier Olav Øygard som er biskop i Nord-Hålogaland bispedømme.

– Kan du ha oversett nyansar når det kjem til utvinning av olje?

– Eg vil ikkje vere så naiv å seie at eg er imot alt som har med olje å gjere. Eg reiste nettopp med Hurtigruta, og den går også på olje. Det kan vere eg blir meir nyansert etter å ha fått meir informasjon frå næringa, seier Øygard.

LES OGSÅ: Politikere melder seg ut av kirken i protest

Lunsje med Statoil

Initiativtakar Helge Eriksen er glad ­biskopane takka ja.

– Eg håpar dei vil moderere seg etter desse dagane, men det blir opp til dei. Kyrkja treng å få meir faktakunnskap om oljenæringa. Sjølv om det flatar ut i sør så er dette ei vekstnæring i nord.

Edd-Magne Torbergsen jobbar i Statoil og fortel at oljeselskapet er med som arrangør.

– Vi kallar dette ei studiereise. Vi vil gi vår vesle kunnskapsbit og så vil hovudfokuset vere folka biskopane møter, seier informasjonssjefen.

Følg oss på Facebook og Twitter!

I Hammerfest vil biskopane få sjå kva etableringa av Melkøya har betydd. Det har skapt ­arbeidsplassar, gitt auka kompetanse i regionen og gjort at ungdommar vender tilbake til Hammerfest. I Harstad vil biskopane få informasjon om kva næringa betyr for nordregionen, fortel Torbergsen.

– Vi vil ha ein god dialog og samtale. Dette er jo biskopane gode på. Så blir det sikkert både ein og to hyggelege lunsjar. Dei skal få både kunnskapsføde og matleg føde.

– Trur du biskopane bli omvendt av besøket?

– Misjonsverksemd får biskopane ta seg av. Vi prøver å gi ein nøytral og grei faktakunnskap. Så får dei vurdere den kunnskapen i forhold til sitt perspektiv, seier Torbergsen.

LES OGSÅ: Enda en biskop vil bremse oljetakten

Ler

Tor B. Jørgensen, som er biskop i Sør-Hålogaland bispedømme, ler høgt når han blir spurt om besøket vil moderere meiningane hans.

– Nei, eg har aldri vore veldig detaljorientert når det gjeld oljeindustrien. Det er dei overordna politiske grepa som er utgangspunktet for mitt engasjement, seier Jørgensen..

Han kjem ikkje på besøk berre for å bli utfordra sjølv.

– Dei som arbeider i industrien må bli utfordra til å forstå våre synspunkt også. Den store utfordringa for oss blir å formidle den store uroa vi har for korleis norsk politikk føres.

Biskopen meiner klimapolitikk ikkje handlar mest om korleis arbeidet går føre seg på enkelte installasjonar.

– Eg er spent på om det går an å føre ein samtale om det store klimaperspektivet, eller om dette ligg på eit metaplan som går over den lokale røynda, seier Jørgensen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima