Kirke

Biskopane kan velje sin eigen preses

Ved å nominere berre éin kandidat kan biskopane sjølv velje kven som skal bli preses. Det reagerer Karl Johan Kirkebø på.

Bilde 1 av 2

– Med dagens ordning kan biskopane nominere ein einaste kandidat, og då er det dei som bestemmer. Det reagerer eg på, det har nokre demokratiske problem, seier Karl Johan Kirkebø i Åpen folkekyrkje.

Kan framstille ein

Måndag melde Helga Haugland Byfuglien frå om at ho gir seg som preses i februar 2020. Spekulasjonane om kven som vil ta over den øvste geistlige stillinga i Den norske kyrkja (DNK) har alt starta.

Etter reglane har dei elleve gjenståande biskopane sjansen til å bestemme dette sjølv. Det er nemleg dei som skal framstille inntil tre kandidatar, som kyrkjerådet deretter skal velje mellom. Men om biskopane vil, kan dei velje å berre framstille ein kandidat.

Det stadfestar Kristin Gunleiksrud Raaum, leiar for Kyrkjerådet.

– Dei kan nominere ein, to eller tre kandidatar, seier Raaum.

Hallgeir Elstad tolkar reglane likt som Raaum.

– Bispedøme skal nominere inntil tre kandidatar. Det betyr at ein står fritt til å nominere berre ein. Om det er lurt eller tilfredsstillande, er ei anna sak. Det ville forbause meg om dei berre stiller ein kandidat, seier Elstad.

LES OGSÅ: «Har vært samlende, lavmælt og ruvende preses»

Fekk ikkje fleirtal

Det var i 2018 at dei noverande reglane for bispetilsettingar vart vedteke. Ved dei lokale bispeutnemningane er det moglegheit for tilleggsnominasjonar frå andre enn Bispedømmerådet. Den moglegheita finst ikkje ved tilsetting av preses. Dimed må Kyrkjerådet tilsette ein av kandidatane som biskopane nominerer. Eller den eine, viss biskopane vel ei sikker løysing.

– Som demokratisk prinsipp burde dei velje minst to, seier Kirkebø.

Då ordninga vart vedteke på Kyrkjemøtet, foreslo han difor at det skulle vere mogleg å etternominere.

– Det fekk eg ikkje fleirtal for. Eg har tillit til at biskopane vil kyrkjas beste, men som demokratisk prinsipp burde det vore ein sikkerheitsventil her.

LES OGSÅ: Olav Fykse Tveit skiller seg ut som åpenbar kandidat

Spekulerer ikkje

Gunleiksrud Raaum seier at ho «ikkje har lyst til å spekulere på» kva som skjer viss det berre blir nominert ein kandidat.

– Vil det vere negativt om det skulle skje?

– Det har eg ingen synspunkt på. Regelverket gir Bispemøtet moglegheit til det, og det vil då vere deira vurderingar som avgjer kor mange dei vel å nominere.

– Er dette ein naturleg ordning i ei demokratisk styrt kyrkje?

– At biskopane er involvert i prosessen om kven som skal vere leiande, tenker eg er naturleg.

Balansert prosess

Elstad er einig i at ordninga kan verke udemokratisk, men held fast ved at det finst balanse og fornuft bak reglementet.

– Kyrkjemøtet kunne sagt at ein må minst nominere tre. Men det er Kyrkjemøtet som har vedteke dette, og det er dei som tar hand om prosessen etter at bispemøtet har nominert. Så skal bispemøte gjere ei prioritering som blir oversendt til Kyrkjerådet som til sjuande og sist gjer tilsettinga ved hjelp av allminneleg fleirtal. Det er altså ein maktbalanse i dette.

---

Preses i DNK

  • Tidlegare blei biskopen i Oslo automatisk den fremste blant biskopane med tittelen preses. Frå 1984 er preses blitt valgt blant alle biskopane i landet.
  • Bakgrunnen for opprettinga av eit eige presesembete var at biskopane opplevde at presesoppgåvane tok for mykje tid ved sida av biskopgjerninga.
  • Fram til Byfuglien vart tilsett som fast preses i 2011, vart preses valt for fire år om gangen.

---

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke