– Innlegget mitt er ein reaksjon på opplevinga av at det viktigaste spørsmålet for befolkninga i årets valkamp, først og fremst er bompengar. Og ikkje noko anna. Det har fått meg til å spørje kva som betyr mest, seier Fiske til NRK.

Gjestfrihet er ute

I Facebook-innlegget stiller Fiske spørsmål ved kva verdiar som ligg bak bompengestøyen.

«Hva betyr mest? Få orden på bompengene eller være med og berge flyktninger? En gang var vi som nasjon stolt av Nansenpasset, menneskeverd og rettferdighet. Nå høres det ut som at det beste er å være inhuman, at gjestfrihet er ute og at vi skal ha så høye murer som mulig».

Oppgitt og provosert

Frp-politiker Tor André Johnsen er ikkje begeistra for Fiskes utspel.

– Eg blir oppgitt og provosert. Viss biskopen er så opptatt av dette, bør ho heller bli politisk aktiv i SV, Arbeidarpartiet eller nokre andre parti på venstresida, seier Johnsen til NRK.

Vidare seier Johnsen at biskopane har gløymt kva dei er sett til å gjere.

– Det norske folk er opptatt av bilavgifter og bompengar. Då tykkjer eg det blir feil av biskopen å moralisere kring det. Eg føler biskopane gløymer si opphavlege rolle, som er å ta vare på Den norske kyrkje, og det tykkjer eg dei kunne ha gjort meir offensivt enn dei gjer i dag.