Nyheter

Betalte 150.000 for å bli aleinemor

Nina Wester meiner Stortinget seier nei til assistert befruktning til single kvinner fordi dei folkevalde drøymer seg tilbake til familien som «mor, far og barn».

– Eg meiner staten skal leggje tilhøva til rette for innbyggjaranes ønskjer og draumar. Det ­betyr i neste omgang at også single kvinner skal få realisert draumen om å bli mødrer.

Nina Wester peikar på at lesbiske par har fått rett til assistert befruktning:

– Neste steg blir å gje single den same retten.

– Ikkje uvanleg å vere aleinemor

I fjor blei ho mor. I juni fyller dottera Vilja eitt år. Westers omsorgspermisjon er over, akkurat som åra som sjef på Hålogaland teater i Tromsø.

– No skal eg arbeide som ­frilansregissør, men det blir Vilja som styrer. Eg må tilpasse­ ­yrkeslivet til henne. Men det skal gå bra, takka vere familie og ­vener som trør til, seier Wester og legg til:

– Å vere åleinemor er ikkje uvanleg.

Til samanlikning seier adopsjonslova at single norske kvinner kan adoptere barn frå utlandet. Adopsjonsforum opplyser at totalt 120 barn er blitt adoptert av single gjennom deira foreining i åra 1997-2015.

– Blir klasseskilje

I fem år budde­ ho seg på å bli mor. Utan ein mann som kunne bli far. Nina Wester gjorde som fleire norske, single kvinner før henne har gjort:

Ho reiste til Danmark for å kunne stifte familie.

– Vi er inga stor gruppe, så eg forstår ikkje kvifor vi må ut av Norge for å få barn. Slik det er i dag blir det eit også eit klasse-­skilje; dei som har råd til å få hjelp utanlands – og dei som ikkje har råd.

Wester måtte ut med opp mot 150.000 kroner for å bli gravid. Sjølv om ho hadde pengar tilgjengeleg, var det å bli mor med hjelp frå ein klinikk i København ein fem år lang periode med ­veging att og fram.

LES MER: Avviser at Staten skal betale 

– Får støtte fra vener

– Kvifor?

– Eg opplevde at eg burde skamme meg. Det eg ønskte er ikkje lovleg i Norge. Meldinga til meg og andre kvinner i same situasjon er at anten så blir vi gravide på vanleg måte, elles er det berre å gløyme å bli mødrer. Men for meg var det heilt uaktuelt med eit one-night-stand for å bli gravid.

– Kven påfører single kvinner slik skam?

– Det er Stortinget som seier nei til å endre lova slik at ­single kan få assistert befruktning i Norge.

– Kva støtte fekk du på vegen fram mot endeleg avgjerd?

– Familie, vener, ja, alle heia på meg. Då eg til slutt tok valet, stod dei bak meg.

– Korleis reagerer omgjevnadane no, når du fortel at du er blitt mor med bistand?

– Eg har ikkje høyrt eitt vondt ord.

Sterk feminisme i Sverige

Nina Wester er glad for at Arbeidarpartiet ønskjer å programfeste assistert befruktning til single kvinner, betalt av det offentlege.

– Kvifor har ikkje Norge ­vedteke dette tidlegare?

– Eg opplever at for mange ­politikarar drøymer seg attende til den tida då familie var far, mor og barn. Men slik er det ikkje lenger. I dag har vi ei rekkje ­andre familiekonstellasjonar. Kjernefamilien høver ikkje for alle.

– I Sverige har single kvinner hatt rett på assistert befruktning i eitt år, kvifor tilbyr Sverige dette før Norge?

– Fleire ting påverkar. ­Feminismen er langt sterkare i ­Sverige, og debatten om kjønn er ein heilt annan enn i Norge. Dette kjenner eg godt til etter å ha budd fleire år i Sverige.

Vil vere open

Westers dotter skal byrje i barnehagen i år. Mor må organisere infrastrukturen åleine. Ingen far kan følgje til barnehagen. Eller hente.

– Det blir ikkje rosenraudt. Men eg er budd.

– Kva fortel du dotter di om kven far er?

– Det blir ein vanskeleg dag, eg vedgår det. Dette var eit av spørsmåla eg grunna mykje over innan eg bestemte meg for å bli gravid, og som eg framleis tenkjer på, seier ho.

– Men det blir å fortelje sanninga; kvifor ho blei til, korleis ho blei til – og at ho ikkje har ein pappa.

Får vite

På klinikken i ­Danmark valde Nina Wester ein kjend donor. Når dottera fyller 18 år kan ho få vite kven som er biologisk far.

– Det er viktig for meg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter