Nyheter

Betalar returavtalar med bistand

Land som seier ja til å ta i mot eigne borgarar som ikkje får asyl i Norge, skal premierast med bistandskroner. Norsk bistand til Eritrea er nesten syttendobla på tre år.

Ein av Norges fremste ­bistandskjennarar åtvarar den nye regjeringa mot å kople ­bistand og returavtaler.

– Denne type påskjøningsordningar og bindingar kan få svært negative effektar, og undergrev fullstendig den langsiktige ­måten vi driv utviklingspolitikk på. Dette er eit døme på at innanrikspolitiske interesser trumfar argument om kva som er mest effektiv bistand, seier Ottar Mæstad, direktør ved Chr. Michelsens Institutt (CMI).

Solberg II seier det no rett ut, i den ferdigsnekra, politiske plattforma til Høgre, Framstegspartiet og Venstre: Dei vil «Bruke Norges posisjon, blant annet som bistandsyter, til å sikre fleire ­returavtaler».

LES OGSÅ: Vil byggje fleire omsorgssenter

Tvang

To afrikanske land sto lenge øvst på lista over land Norge ønskjer returavtale med, Etiopia og Eritrea. No står Eritrea åleine øvst på den lista.

I 2012 signerte Stoltenberg-­regjeringa ein avtale om både frivillig og tvangsretur med ­Etiopia. Eit tital personar har reist frivillig, men Norge slit med å få effektuert tvangsreturar, for Etiopia legg hindringar i vegen.

Ved årsskiftet sat det 350 etiopiarar og 245 eritrearar på norske mottak som er pålagde å reise heim.

Ønskje

Eritrea, eller «Afrikas siste diktatur», nektar konsekvent å ta imot borgarar som har flykta, og har difor ingen ­returavtala med noko land.

I mars i fjor kunne Vårt Land fortelje at Norge, saman med Tyskland, Sveits og Sverige, prøver å få på plass ein returavtale. Kvartetten har hatt fleire møter med høgtståande representantar for regimet.

Til Vårt Land sa dåverande statssekretær Marit Berger ­Røsland (H) i Utanriksdepartementet (UD) dette for snart eit år sidan: «Spørsmålet om retur har vært tatt opp, men det er ikke innledet forhandlinger om en ­returavtale, selv om det på sikt er et ønske om å få til en avtale.»

I dag er Røsland Europa-­minister i regjeringa. I plattforma lovar regjeringa å «koble Norge sterkere på de europeiske prosessene for et felles europeisk system som også kan innebære etablering av felles asylsentre utenfor EU og styrking av Schengenlandenes yttergrense» – altså halde særleg migrantar unna Europa.

LES OGSÅ: Mer egennytte i bistand

Påskjøning

Eritrea blei raskt ein mottakar av norsk bistand etter at landet blei sjølvstendig i 1993. Men i takt med at regimet til president Isaias Afewerki­ blei stadig meir brutalt, gjekk den norske bistanden ned – frå 152 millionar kroner i toppåret 2003 til knappe 900.000 ­kroner i 2014, som blei botnpunktet. For då Solberg-regjeringa kom i 2013, snudde det.

Samstundes som Norge har prøvd å få på plass ein returavtale med Eritrea, har bistanden til landet på nytt gått opp – frå 0,9 millionar kroner i 2014 til 16,7 millionar 2016.

No lovar Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp) og Trine Skei ­Grande (V) å «Bruke Norges posisjon, blant annet som bistandsyter, til å sikre flere returavtaler».

CMI-direktør Mæstad åtvarar. Han understrekar at effektiv utviklingspolitikk betyr langsiktig satsing og nærver over tid:

– Difor vil det vere svært ­skadeleg å føre denne type ­utviklingspolitikk, der ein påskjønar ut frå om mottakaren er «snill eller slem gut».

Bytehandel

Den nye politiske plattforma blei utforma samstundes med at innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) vitja Sudan, Etiopia og Kenya.

Frp-statsråden har lenge ivra for å kople bistand med retur-­avtalar. Då forskingsstiftinga FAFO utarbeida rapporten Retur som avtalt? En effektivitetsstudie av Norges returavtaler, sa ­Listhaug til NRK at ho gjerne vil gje bistand i byte mot returavtalar.

FAFO-rapporten slår fast at det er «en klar tendens til at antallet og andelen som blir tvangsreturnert, øker i perioden etter at Norge har inngått en returavtale med landet. Det ser ut til at returavtaler henger tydelig sammen med det som er avtalenes primære mål – å øke antallet og andelen utreisepliktige som tvangsreturneres».

Ulovleg

På Aust-Afrika-turneen kom Listhaug først til ­Sudan. Politisk rådgjevar Espen Teigen (Frp) fortel kva Listhaug tok opp i møtet med innanriksminister Hamid Manan.

– Tema for møtet var blant anna menneskerettar knytt til kjønnslemlesting og straff av ofre for menneskehandel. ­Andre viktige tema var retur av personar utan lovleg opphald i Norge, og korleis motvirke migrasjon mot Europa.

Færre

Seniorrådgjevar Pål Nesse i Flyktninghjelpen forklarar kvifor Sudan er viktig for Norge – og EU:

– Sudan er transittland for mange flyktningar frå særleg Eritrea og Somalia. Klarar Sudan å stoppe deira reise mot Libya, vil det kome færre til Europa og i neste omgong færre til Norge.

Sudan har førebels ingen returavtale med Norge. På norske asylmottak sit det no 29 sudanarar, seks av dei er pålagt å reise heim.

Norges bistand til Sudan har endra karakter. Ned frå 173 millionar kroner i 2014 til 97 millionar i 2015 – og opp til vel 116 millionar i 2016.

Les mer om mer disse temaene:

Geir Ove Fonn

Geir Ove Fonn

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter