Nyheter

Betalar Marokko for å halde migrantar unna Europa

Tyrkia er EUs grensevakt i aust. No blar EU opp milliardar for at Marokko skal stoppe ruta vest i Middelhavet. Også Norge yter ein skjerv.

– 140 millionar euro er ein god start, seier Khalid Zerouali, sjef for Marokkos grensekontrollstyrke.

Han har grunn til å stole på at han får valuta for pengane frå EU. Som øvste vaktar av Marokkos grense mot Middelhavet – og dei to spanske enklavane Melilla og Ceuta – får Zerouali no kjøpe inn ekstra mykje overvakingsutstyr: 750 kjøretøy, 15 dronar, skannarar, radarar og anna høgteknologisk utstyr for grensekontroll, melder avisa El Pais.

LES MEIR: Stranda i overfylt leir i Hellas

Krav

EU stiller eitt vilkår for milliardstøtta til den nord-afrikanske kongedømmet, der kong Mohammed VI har absolutt makt:

De må stoppe migrantane og flyktningane som kjem opp gjennom Marokko med ambisjon om å ta seg over Middelhavet til Spania.

Avtalar

I 2015 kom rekordmange flyktningar og migrantar til Europa, hovudsakleg til Hellas via Tyrkia. Så, i mars 2016, signerte EU ein avtale med Tyrkia om at landet skal stoppe alle som ønskjer å ta seg til Europa. For jobben fekk Tyrkia tre milliardar euro, med rom for meir på sikt.

Konsekvensen av avtalen viste seg straks: Talet på flyktningar og migrantar som kom til Europa via den austlege ruta fall kraftig.

Då denne blei stengt, flytta trafikken seg over Middelhavet til den midtre ruta, frå Nord-Afrika – og Libya spesielt – til Italia. Men då EU og Italia gjekk inn med pengestøtte til militsar som formelt driv Libyas kystvakt, er også overfarten på denne ruta sterkt redusert. I tillegg nektar Italia konsekvent å ta i mot personar som blir plukka opp i Middelhavet.

Dermed flytta trafikken seg til den vestlege ruta, ho frå særleg Marokko til Spania.

Aukar

Spania er blitt mål for stadig fleire migrantar og flyktningar som kryssar Middelhavet frå Nord-Afrika, viser julitala frå EUs grensestyrke Frontex.

I førre månad auka trafikken med heile 22 prosent i høve til juni - opp til nesten 2.900 personar.

Men: I årets sju første månader gjekk trafikken via den vestlege ruta ned med 41 prosent. Totalt har om lag 13.000 funne vegen frå Nord-Afrika til Spania.

Det er julitala som uroar EU. Difor må Marokko utrustast til å stoppe dei som vil over Gibraltarstredet. Og landet gjer jobben slik EU ønskjer. Til no i år har Marokko stoppa heile 40.000 migrantar og flyktningar frå å krysse stredet i munninga av Middelhavet, fortel Khalid Zerouali til El pais.

Utnyttar

Avtalen mellom Marokko og EU, der det er Spania som held i oppfølginga, sikrar at migrantar og flyktningar som blir plukka opp i Middelhavet, blir frakta til Marokko, ikkje Spania.

Nyleg blei ein dårleg båt med 63 personar ombord redda av marokkansk marine. Alle måtte bli med tilbake til Marokko.

El Pais skriv at Marokko utnyttar EUs iver etter å få kongedømmet med på vaktlaget. Regimet i Rabat skal ha fått forsikringar om at EU ikkje skal mase for mykje om Marokkos årelange okkupasjon av Vest-Sahara - Afrikas siste koloni – og at EU skal støtte handelsavtalar.

LES MEIR: Livsfarlige leirer i Libya

Kroner

EUs rause støtte til Marokko blir henta frå Unionens store Afrika-fond; EU Trust Fund For Africa (EUTF). Fondet blei etablert då EU heldt krisemøte om migrasjon og innvandring på Malta i 2015.

På Malta-møtet deltok også statsminister Erna Solberg - som varsla at Norge vil løyve pengar til EUTF. Først gav Solberg-regjeringa 140 millionar kroner. Så, i sommar, kom utanriksminister Ine Marie Søreide med eit nytt, norsk bidrag - 60 millionar kroner: «Norge deltar aktivt i det europeiske samarbeidet om utfordringene med migrasjon og mennesker som er på flukt», seier ho i ei pressemelding.

I juli søkte 182 personar asyl i Norge.

---

Havruter

  • Frå januar til juli kom det drygt 54.000 flyktningar og migrantar til Europa via tre ruter over Middelhavet; den austre, den midtre og den vestre, opplyser Frontex.
  • I same periode søkte 1.171 personar asyl i Norge, fortel Utlendingsdirektoratet.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter