Berre ideelle får delta i sjukeheimskonkurranse
Bergen kommune byggjer sjukeheimen, men vil at ein ideell organisasjon skal få drive han. Difor blir det ein anbodskonkurranse berre for ideelle.
I mars neste år står Siljuslåtten sykehjem ferdig. Innan opninga skal Bergen kommune ha valt ut ein ideell organisasjon til å drive sjukeheimen.
Bergen kommune
Rett før jul kom han, den varsla vegleiaren frå Næringsdepartementet. Her forklarar regjeringa korleis kommunar kan reservere konkurransar om kjøp av helse- og sosialtenester for berre ideelle leverandørar.
Når det kjem til sjukeheimar, har dei i hovudsak tre driftsformer i dag: Kommunale, kommersielle og ideelle.
Då Bergen fekk nytt byråd etter valet i 2015, lova Arbeidarpartiet, Venstre, og KrF at det skulle rekommunalisere sjukeheimar som hadde blitt drifta av kommersielle omsorgskonsern.
Bestill abonnement her
KJØP