Ber Norge utfordre Etiopia
Skål, herr president, for venskap og samarbeid, helsar kronprins Haakon. Lat oss få sjå resultat av menneskerettsdialogen, lyder bøn i Norge.
Addis Abeba 7. november. Kronprinsesse Mette-Marit skålar med Meaza Abraham, kona til presidenten, medan kronprins Haakon og Etiopias president Mulatu Teshome hevar glasa i palasset i Addis Abeba.
Ruud, Vidar
Kronprinsparet reiste heim frå Etiopia i går. Det tre dagar lange offisielle besøket fremma særleg norsk næringsliv. Gjødselgiganten Yara landa ein stor gruveavtale med landet på Afrikas horn - med kongeleg glans.
Lemma Desta har følgt besøket i heimlandet med stor interesse. Han kom til Norge som student i 2003, og blei verande. I dag jobbar han i ein frivillig organisasjon – og utfordrar den norske regjeringa med ujamne mellomrom om menneskerettstilhøva i Etiopia.
– Norge seier ein fører ein menneskerettsdialog med Etiopia, og det har ein gjort i mange år. Men kva resultat kan ein vise til? Eg vil snart sjå resultat av denne dialogen, seier Desta til Vårt Land.
Bestill abonnement her
KJØP