Nyheter

Ber Norge utfordre Etiopia

Skål, herr president, for venskap og samarbeid, helsar kronprins Haakon. Lat oss få sjå resultat av menneskerettsdialogen, lyder bøn i Norge.

Kronprinsparet reiste heim frå Etiopia i går. Det tre dagar lange offisielle besøket fremma særleg norsk næringsliv. Gjødselgiganten Yara landa ein stor gruveavtale med landet på Afrikas horn - med kongeleg glans.

Lemma Desta har følgt besøket i heimlandet med stor interesse. Han kom til Norge som student i 2003, og blei verande. I dag jobbar han i ein frivillig organisasjon – og utfordrar den norske regjeringa med ujamne mellomrom om menneskerettstilhøva i Etiopia.

– Norge seier ein fører ein menneskerettsdialog med Etiopia, og det har ein gjort i mange år. Men kva resultat kan ein vise til? Eg vil snart sjå resultat av denne dialogen, seier Desta til Vårt Land.

LES MEIR Kronprinsparet vitjar overvakingsstat

Norsk støtte

Etiopia er eit kjent og kjært misjons- og bistandsland i Norge. Misjonssambandets (NLM) misjonærar kom til landet i 1948. I dag jobbar NLM, Misjonsselskapet og Ungdom i Oppdrag i Etiopia.

– Vi har ein lang historie i landet, vi har vore der sjølv om regima har skifta, vi er der for folket, seier Hjalmar Bø, leiar i NLM Utland, og dreg særleg fram kyrkjene NLM samarbeider med.

Bø vedgår at Etiopia har utvikla seg negativt dei seinare åra når det kjem til menneskerettar.

– Når vi finn det naturleg påpeikar vi ulike forhold, seier han.

LES MER: UD: Delegasjonen tok opp menneskerettigheter

Fått milliardar

Sidan 1964 har landet fått utviklingshjelp frå Norge. Fram til 2016 har Etiopia fått totalt 6,6 milliardar bistandskroner. Berre i fjor fekk dei 442 millionar kroner, til særleg helse, utdanning, miljø og økonomisk utvikling og handel.

Etiopia er også landet med ein skjemmande menneskeretts-CV.

Pressa rettar

Både Amnesty International og Human Rights Watch skuldar i årlege rapportar etiopiske styresmakter for å vere ansvarlege for omfattande menneskerettsovergrep, marginalisering av etniske grupper og for å væpne grupperingar mot kvarandre. Etiopia er også eit av verdas mest korrupte land, melder Transparency International.

Norad seier det slik: «Det er bred enighet i det internasjonale samfunnet om at politiske og sivile rettigheter er under sterkt press. Flere menneskerettighetsorganisasjoner mener vilkårene er blitt tøffere for ytringsfrihet og organisasjonsfrihet.»

– Heilt rett, seier Lemma Desta, og utdjupar:

– Ytringsfridomen er under hardt press, det same er organisasjonsfridomen. Kritikarar av regimet blir arresterte og fengsla som politiske fangar.

Om opposisjonen seier Norad: «De møter mange hindringer fra regjeringspartiet i sine forsøk på å mobilisere.»

Fridom og likeverd

For tre år sidan la Solberg-regjeringa fram ei stortingsmelding om menneskerettane «som mål og middel i utenriks- og utviklingspolitikken». Her sa dåverande utanriksminister Børge Brende (H) at Norges innsats skal rettast mot særleg tre område: «Individets frihet og medbestemmelse», «Rettsstat og rettssikkerhet» og «Likeverd og like muligheter».

Om Etiopia sa UD: «I et land som Etiopia, som kritiseres for brudd på ytringsfriheten og andre sivile og politiske menneskerettigheter, legger nasjonal lovgivning klare begrensninger på internasjonal finansiering av menneskerettighetsarbeid.»

Utfordre meir

– Eg er glad for samarbeidet mellom Norge og Etiopia, eg er glad for at område som næring og kultur blir styrka. Men Norge må utfordre regimet mykje meir nå det kjem til brot på menneskerattane, seier Lemma Desta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter