Nyheter

Ber Norge fremje statsklage mot Tyrkia

Ein samla norsk juriststand er sterk uroa over Tyrkias handsaming av den tredje statsmakt, domstolane.

Tyrkia går no høgt på banen – og resident Recep Tayyip Erdogan og statsminister Ahmet Davutoglu er harde med dei som blir definerte som motstandarar:

• Styresmaktene overtok i går kontrollen over nyhendebyrået Cihan.

• Landets påtalemakt Tyrkisk avgjorde før helga at staten skulle overta opposisjonsavisa Zaman. Redaktørane i avisa blei erstatta av eit formyndarskap staten utnemner. Allereie to dagar seinare kom avisa ut med fleire artiklar som stiller Tyrkias regjering i eit positivt lys.

• Sist veke gjekk ei anna mediegruppe konkurs etter at staten rykka inn og overtok leiinga.

LES MEIR: – Er det islam eller nasjonalisme som styrer Tyrkia?

Kritikk

Utanriksminister Børge Brende (H) likar ikkje det han ser i Tyrkia:

– Vi har lenge følgt med og ser med bekymring på utviklinga for pressefridomen i Tyrkia, sa Brende til NTB då tyrkisk opprørspoliti brukte tåregass og skaut med plastkuler mot demonstrantar som protesterte mot den statlige overtakinga av Zaman.

Brev

Manglande pressefridomen er ikkje den einaste Tyrkia-saka Brende har til vurdering. Ein samla norsk juriststand – Advokatforeningen, Dommerforeningen, Juristforbundet og den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen – har i eit brev til Brende bede Solberg-regjeringa vurdere om Norge bør bruke eit alvorleg verkemiddel mot Tyrkia:

Fremje ein statsklage mot landet.

Konkret tyder dette at Norge klagar Tyrkia inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen for brot på Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK). Juristsamanslutningane meiner Tyrkias brutale handsaming av dommarar og domstolar må få konsekvensar.

«De foreliggende opplysningene tilsier at domstolene i Tyrkia er under utilbørlig press av den utøvende makt, og at beskyttelsen for menneskerettighetene, som etter EMK primært skal gis nasjonalt, ikke er effektiv i Tyrkia», skriv norske juristar i brevet til Brende. Dei viser til at tyrkiske dommarar som ikkje er lojale mot regjeringa blir «arrestert, suspendert, avskjediget eller forflyttet mot sin vilje.»

LES MEIR: Ser på at kurdarar og IS drep kvarandre

Forlik

Norske regjeringar har gjort det tre gonger: Retta ein statsklage mot ein annan europeisk stat. Først to gonger mot juntaleia Hellas i 1967 og 1970, og så ein gong mot Tyrkia i 1982.

Hellas løyste striden med å trekkje seg frå EMK, og i det blei det forlik med Tyrkia. I 1995 prøvde menneskerettsforeiningar, Advokatforeningen og Mellomkyrkjeleg råd å få Brundtland-regjeringa til å reise statsklage mot Tyrkia for brot på menneskerettane. Men Ap-regjeringa konkluderte med at ein slik konfrontasjon var lite tenleg.

Vurderer

No meiner norske juristar at Tyrkia bryt med «grunnleggende rettsstatsprinsipper og prinsipper for dommeres og domstolenes uavhengighet».

Utanriksdepartementet (UD) må bruke litt tid på førespurnaden frå Advokatforeningen, Dommerforeningen, Juristforbundet og den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen.

– Saka er til vurdering, opplyser kommunikasjonssjef Frode Overland Andersen
 til Vårt Land.

Krise

Norge er ikkje åleine om å vere bekymra for utviklinga i Tyrkia. Ei rekkje land i Europa ser med stigande uro på korleis landet som både er medlem av NATO og Europarådet opptrer i møte med regimekritikarar.

Men EU prøver å ri to hestar. Samstundes som europeiske leiarar kritiserer regimet i Ankara for brot på pressefridom og menneskerettar, er dei same landa avhengige av å finne løysingar på migrasjonskrisa saman med Tyrkia

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter