Barnevernsbarn krev los inn i vaksenlivet
På 18-årsdagen blir dei sjølvstendige. No krev barnevernsbarn å få hjelp inn i vaksenlivet, lovfesta ettervern fram til dei fyller 25 år.
Vilde Adolfsen leiar Landsforeningen for barnevernsbarn. LFB er ein medlems- og interesseorganisasjon som arbeider for å betre barn og unges rettar i møte med barnevernet. LFB arbeider særleg med å styrkje ettervernet.
Erlend Berge
– Barnevernsbarn er ei sårbar gruppe, men ettervern er gløymt. No snakkar politikarane berre om tidleg innsats, ingen om hjelp til dei barnevernsbarna som skal ta vaklande steg inn i vaksenlivet, seier Vilde Adolfsen, leiar av Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB).
Foreininga ho leiar har difor eitt enkelt krav til barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp): Lovfest ettervernet fram til barnevernsbarn fyller 25 år.
I dag er ettervern eit kan-få-tilbod fram til fylte 23 år.
Bestill abonnement her
KJØP