Nyheter

Barnevernet skal få gravidinfo

Barneminister Solveig Horne (Frp) vil endre i opplysningsplikta til barnevernet når rusmisbrukarar blir gravide.

Helse- og omsorgspersonell har i dag ei streng teieplikt. Denne vil Horne lempe på av omsyn til det ufødde liv. Barnevernet skal inn mykje tidlegare når rusmisbrukarar blir gravide. Difor sender ho ut på høyring eit forslag om «endringer i opplysningsplikten til barnevernet og om ny opplysningsplikt til barnevernet ved tilbakeholdelse av gravide rusmiddelavhengige».

– Kvifor må denne endringa må på plass?

– Helse- og omsorgspersonell har i dag ei streng teieplikt som hindrar dei frå å gje opplysningar til barnevernet før fødsel, dersom mor ikkje samtykker. Slik eg ser det er det uheldig at barnevernstenesta først får informasjon rett etter fødsel og at dei då må overta omsorga for barnet akutt på sjukehuset. Tidleg informasjon gjer at barnevernstenesta får betre tid og betre moglegheit til å få til gode og skånsame løysingar i samarbeid med mor. Dette kan til dømes vere at barnet flytter i fosterheim, eller at mor beheld omsorga med tett oppfølging frå barnevernstenesta.

LES OGSÅ: – Mennesker med ruserfaring er en ubenyttet ressurs

Tvang

– Kor tidleg kan det bli snakk om?

–­ Plikta til å melde frå til barnevernet trer inn når den gravide kvinna blir tvangsinnlagt på ein helseinstitusjon.

Kva tiltak snakkar vi om?

– Under svangerskapet handlar det om frivillige tiltak som råd og rettleiing, og førebuing på kva tiltak som kan bli sett inn etter at barnet er fødd. Kva løysingar ein vel må vurderast frå sak til sak. Ved at barnevernstenesta tilbyr hjelp under svangerskapet kan det i nokre tilfelle vere mogleg å setja inn tiltak som gjer at det ikkje blir nødvendig med omsorgsovertaking etter fødsel. Ein kan til dømes avtale med mor om at ho og barnet skal flytta inn i eit senter for foreldre og born, for å få utgreiing og oppfølging.

Flytte

Horne meiner at dersom barnevernstenesta er informert i forkant og samarbeider godt med mor, blir det lettare å hjelpe både mor og barn.

– Dersom det viser seg at barnet må flytte i fosterheim kan tidlig informasjon gje barnevernstenesta betre føresetnad for å vurdere kvar barnet skal bu. Barnevernstenesta får betre tid til å vurdere fosterheim i slekt og nettverk. Tidlig informasjon kan dermed også hindre at barnet må flytte fleire gonger.

LES OGSÅ: Vi lever lenger, men det betyr flere år med helseplager

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter