Barnevernet blei refsa for menneskettsbrot. Dette gjer regjeringa for å rydde opp.
Internasjonal kritikk av barnevernet gjer at ny barnevernlov blir endra. Professor fryktar det kan svekke det norske utgangspunktet om å sette barnet først.
– Hovudjobben vår no blir å gå igjennom kritikken frå Menneskerettsdomstolen for å sjå kva punkter me kan lære av. Menneskerettane er veldig viktige i arbeidet vårt med ny barnevernlov, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Evelyn Pecori
Dei siste fem åra har Noreg tapt sju saker i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og er frikjent i to. Norsk barnevern har gripe inn i «retten til familieliv» i for stor grad, ifølgje Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
Professor: Det beste for barnet må komme først
Blant punkta Noreg får refs for er: