Nyheter

Barn sel nakenbilete over nett

Tusenvis av barn sel nakenbilete av seg sjølve på nett. Med sommarferie fryktar politiet fenomenet vil auke.

I ei undersøking som Medietilsynet publiserte i mai kjem det fram at 1,5 prosent av barn i alderen 13-18 år har selt nakenbilete av seg sjølve over internett. Anslagsvis tilsvarar det omkring 4.500 barn, melde Aftenbladet.

Vidare i rapporten står det at 46 prosent av barn mellom 13-18 år hadde blitt spurde om å sende eller dele nakenbilete av seg sjølve. 42 prosent av desse hadde fått førespurnad om dette frå ein ukjend person over internett.

- Med sommarferie og mykje fritid fryktar me at slik aktivitet vil auke, fortel politioverbetjenten Oddgeir Høyekvam.

Barn publiserer prislister

Høyekvam er tilsett i Sør-Vest politidistrikt som i 2019 oppretta Operasjon Spiderweb, eit etterforskingsprosjekt som spesialiserer seg på nettovergrep mot barn. Nyleg åtvara politidistriktet på Facebook om at jenter i tenåra publiserer prislister av seksualiserte bilete av seg sjølve på internett.

Skjermdump frå Facebooksida til Sør-Vest politidistrikt.

- Dette er noko me trur for få omsorgspersonar kjenner til - at det finst ein slik marknad for nakenbilete, seier Høyekvam.

At barn reklamerer for nakenbilete av seg sjølve er sannsynligvis ikkje spesielt utbreitt, understrekar politiet. Meir vanleg er det at barn blir sende førespurnadar om bilete eller andre ting, frå kjende og ukjende folk over internett. Det kan vere frå andre barn og ungdomar, men ofte også frå eldre.

- Aldersmessig kan dei kome frå personar som kan vere foreldre, til og med besteforeldre, til den enkelte, fortel Høyekvam.

Politioverbetjenten fortel at dei aktivt jobbar med å avdekkje slike transaksjonar og straffeforfølgje nettovergrep mot barn. Det er eit problem at så få melder til politiet om hendingar der unge får førespurnadar om nakenbilete, seier han, og ber foreldre vere meir årvakne til åtferda barna deira har på nett.

Lære seg å setje grenser

Kjellaug Tonheim Tønnesen er bekymra for innhaldet i rapporten til Medietilsynet. Ho er fagleg leiar i den ideelle stiftinga Barnevakten som jobbar med nettvett for barn. Ho seier at barn og ungdom blir påverka av kulturen rundt seg og kan kome til å tru at det å ta nakenbilete av seg sjølv er noko «alle gjer».

- I dag får ein gjennom TV og massemedium ei oppfatning om at dette er vanleg. Det formar barna våre og får dei til å dele meir, utan at dei eigentleg vil.

Ho meiner det er nødvendig å jobbe med verdiar og haldningar.

- Dette handlar i grunnen om menneskeverd. Det handlar om å lære seg å setje grenser for seg sjølv - alt koker ned til sjølvbilete og eigenverdi, seier ho.

Finst eit forbetringspotensiale

Kollega Leif Gunnar Vik frå Barnevakten jobbar med å få denne kompetansen inn i skule- og konfirmasjonsundervisninga, og nemner ein serie om nettvett dei har laga, kalt «Hallo». Han meiner skulane kan forbetre undervisninga om nettvett.

- Mange er flinke til det, men me saknar at det i større grad blir jobba med systematisk ved fleire skular, seier han.

I dei nye læreplanane for 2020 finst det mål om å lære barn i digital dømekraft. Det er opp til kvar skule korleis den undervisninga skal sjå ut.

Foreldre må gjere seg meir flid

Med sommarferie og skulefri oppmodar Vik foreldre til å ikkje la internettet bli ei barnevakt. Mange er flinke, fortel han, men det finst også foreldre som er uvitande til korleis barna deira oppførar seg på nett. Han trur ei bevisstgjering på skulane kan vere med på at dette smittar over på foreldra, men håpar foreldre også gjer seg meir flid på eiga hand.

- I heimar der det er lite dialog mellom barn og foreldre om nettvett er det stor risiko for uønska hendingar, seier Vik.

- Har ein barn i dag er ein nøydd til å kople seg på, seier Tønnesen.

LES OGSÅ:

Regjeringen vil verne barn mot nett-farer

«Kunnskap om hvordan å bruke nettvetten i eget liv er ikke alltid til stede»

Skoler og barnehager må installere nettfilter

---

Snakk med barna om...

  • kva som er greitt og ikkje greitt å seie på nett når dei chattar eller kommenterer bilete eller statusoppdateringar

  • at norsk lov også gjeld på nett og mobil, og at nettmobbing er heilt uakseptabelt

  • at dei alltid må spørje om lov før dei deler bilete, filmar eller informasjon om andre

  • kva som bør vere privatliv, og avtal reglar for kva som er greitt å dele og ikkje dele

  • å vere kritisk til venneførespurnadar frå folk dei ikkje kjenner, og at dei ikkje opprettar private samtaler med ukjende personar utan at du som forelder har kvalitetssikra nett-/spillvenen

  • at dei aldri må klede av seg på bilete, i filmar eller i direktesendingar som dei deler på nett

  • at dei skal seie frå til ein vaksen og bryte kontakten om dei ikkje liker ting som blir sagde eller bilete/filmar som blir delte

  • korleis dei kan blokkere eller rapportere andre brukarar

  • korleis dei kan ta skjermdumpar og lagre bevis på trakassering og dårleg oppførsel

  • medieskapt utsjånadpress, påverknad og reklame

  • Kjelde: Barnevakten.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter