Politikk

– Bare regjeringa kan avslutte kyrkjeasyl

I over 20 år har norske justisministrar vegra seg mot å sende politiet inn i kyrkjer.

Direktør Jens-Petter Johnsen i Kyrkjerådet er krystallklar:

– Kyrkja kan ikkje avslutte kyrkjeasyl, for dette er ikkje ei ordning kyrkja har etablert. Det er regjeringa som kan avslutte kyrkjeasyl. Men då må Justisdepartementet sende ut eit nytt rundskriv som seier at politiet kan gå inn og hente ut dei som sit i kyrkjene.

Kyrkjerådsdirektøren trur også Solberg-regjeringa vegrar seg mot å sende politiet inn i kyrkjer som husar avviste asylsøkjarar:

– I over 20 år har inga regjering våga å endre rundskrivet frå 1993.

LES MEIR Slik oppstod kyrkjeasyl i Norge

Stopp på trappa

Kyrkjeasylet blei institusjonalisert av Brundtland-regjeringa. Sommaren 1993 sat vel 200 kosovoalbanarar i kyrkjer og bedehus. Dei hadde fått avslag på asylsøknadane og skulle sendast ut av Norge. Dåverande justisminister Grete Faremo sendte eit rundskriv til politimeistrane:

«Av respekt for kirken er det som hovedregel ikke aktuelt for politiet å gå inn i kirker og bedehus for med makt å hente asylsøkere som skal sendes tilbake til hjemlandet».

Uklar

22 år seinare leverer ein provosert innvandrings- og integreringsminister frå Frp dette kravet til Den norske kyrkja:

– Kyrkja må slutte­ å ta imot avviste asyl­søkjarar, sa Sylvi Listhaug til Vårt i går.

Men når statsråden blir spurt om Justisdepartementet kjem til å sende ut eit nytt rundskriv som opphevar fredinga av kyrkjerommet, er Listhaug uklar:

– Det er noko som må vurderast.

Om innvandringsministeren drøftar eit nytt rundskriv med justisministeren, som sit i same departement, vil heller ikkje Listhaug utdjupe.

LES MEIR Takkar Gud for at dei kom seg ut av Russland

Kom fleire

Etter at politiet byrja å returnere asylsøkjarar til Russland før jul, har 11 syrarar gått i kyrkjeasyl i Finnmark. I Rypefjord kapell sit det åtte personar, i Kirkenes kyrkje tre.

I Kirkenes tok politiet oppstilling utanfor kyrkja. Men politimeister i Finnmark, Ellen Katrine Hætta, som også sit i soknerådet i byen, seier politiet ikkje går inn.

– Vi har nokre som sit i Hammerfest i kyrkjeasyl, og førebels har politiet valt å ikkje gå å hente dei ut, seier Hætta til NRK Finnmark.

På spørsmål om det kan kome andre ordrar, svarar politimeisteren:

– Det kan endre seg.

Snevra inn

Sidan 1993 er kyrkjeasylrundskrivet revidert ein gong. I 1999 stadfesta Bondevik-regjeringa Faremo-prinsippet, med eit tillegg:

«Det kan også oppstå tvil om politiet bør hente ut utlendinger som har søkt tilflukt i andre lokaler i tilknytning til kirken, for eksempel menighetshus. Det kan ikke utelukkes at politiet går inn i slike bygninger. Det presiseres for øvrig at 'kirkens rom' er avgrenset og f.eks. ikke gjelder for leiligheter eller aktivitetsrom utenfor kirken.»

Den raudgrøne regjeringa rørte ikkje rundskrivet i dei åtte åra Jens Stoltenberg var statsminister. Men då Solberg-regjeringa overtok i 2013, sa Høgre og Frp at «Det vil være regjeringens syn at kirkerommet ikke skal brukes til kirkeasyl» i den blåblå regjeringsplattforma.

Fekk ordre

Justisministeren Anders Anundsen (Frp) sendte hausten 2013 eit brev til Politidirektoratet (POD): Saman med Den norske kyrkja skal POD syte for at kyrkjeasyl blir avvikla innan utgongen av 2014, lydde ordren.

POD viste så liten vilje til å starte på jobben at Anundsen måtte purre. Mellomkyrkjeleg Råd (MKR) og POD hadde til slutt nokre møter, men dei munna ikkje ut i nokon avtale.

1. desember i fjor melde avisa Dagen at for første gong på 22 år sat det ingen i kyrkjeasyl i ei norsk kyrkje. 16 dagar seinare sat det åtte i Rypefjord kapell. 51 dagar seinare kom det til tre nye i Kirkenes kyrkje.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk