Nyheter

Ballsikker president

Mange vegar fører til det mektigaste vervet. Blant verdas presidentar finn vi ein skodespelar, poet, diskjockey og komikar. I dag blir fotballspelaren George Weah statssjef i Liberia.

Han var historisk allereie for 22 år sidan. 7. januar 1996 heva George Weah det høgthengjande trofeet høgt over hovudet før han sprang ut på San Siro i Milano saman med lagkameratane i Milan og banka Sampdoria 3-0.

Før kampstart viste Weah fram Gullballen for 1995. Han var den første afrikanaren som fekk den gjeve prisen. Same år blei han som første - og hittil einaste - spelar frå eit afrikansk land kåra til verdas beste av Det internasjonale fotballforbundet.

I dag blir han på nytt historisk. George Weah vann begge rundane presidentvalet i haust, og blir i dag innsett som statssjef i det lutfattige heimlandet Liberia.

For sjølve valet vil bli via eit kapittel i historiebøkene. For første gong på nesten 75 år blei det gjennomført eit val der ei demokratisk valt regjering overlet makta til ei anna. Den siste fredelege maktoverføringa i landet som blei grunnlagt av frigjorte amerikanske slavar, fann stad i 1944, då president Edwin Barclay gav vervet vidare til William Tubman.

LES MEIR Betre styresett i afrikanske land

Såra nasjon

I den første talen til folket lova Weah å utrydde korrupsjonen i landet:

– Dei som vil lure det liberiske folket gjennom korrupsjon, har ingenting å gjere i mi regjering, sa han den siste dagen i desember.

Oppgåvene som ventar er enorme. Liberia er Afrikas eldste sjølvstendige republikk, etablert i 1847. Men i dag er Liberia nummer 177 av dei 188 landa på FNs utviklingsindeks. Nasjonen slikkar framleis såra etter borgarkrigen som kosta minst 250.000 menneske livet, og ebolaepidemien som tok nær 5.000 liv.

Variert kultur

George Weah er ikkje åleine om å ha ein uvanleg bakgrunn til president å bli.

Om ein legg idrett inn i det utvida kulturomgrepet, viser ein gjennomgang at vegen til presidentpalassa for mange har gått via nettopp kultur; frå skrå breidder til essay fulle av politisk sprengstoff:

• Skodespelaren Ronald Reagen blei president i USA i 1980, og attvald i 1984.

• Dramatikaren og forfattaren Václav Havel blei president i det frie Tsjekkoslovakia i 1989, og president i Tsjekkia då det første landet blei delt i to i 1993.

• Diskjockeyen Andry Rajoelina blei president i Madagaskar i 2009, han blei ikkje valt, men kom inn med hærens hjelp, og gav seg i 2014.

• Komponisten Ivo Josipovic blei president i Kroatia i 2010, og tapte hårfint det neste valet i 2015.

• Poeten Michael D. Higgins blei president i Irland i 2011. For fire år sidan kom statssjefens siste diktsamling, The Prophets are Weeping.

• I 2015 fekk Guatemala ein president som hadde fortalt vitsar, særleg om landets svarte minoritet, på nasjonalt TV i 15 år, komikaren Jimmy Morales.

Sett av Arsène

George Weah vaks opp i ein slum i hovudstaden Monrovia, og viste tidleg talent i leiken med lærkula. Som salige pave Johannes Paul II skal ha sagt; av alle uvesentlege ting er fotball viktigast. Difor slutta Weah på skulen då han var i tenåra for å spele fotball – og han dreiv det langt i Liberia. Laga hans, Mighty Barrolle og Invincible Eleven, sigra stort i heimleg liga og tok også cuptriumfar.

Innsatsen i kortbukse blei lagt merke til. Difor kom han til toppklubben Tonnerre Yaounde i Kamerun. Her blei han oppdaga av Arsène Wenger, då trenar i Monaco, i dag sjef i Arsenal.

Signeringa med Monaco blei starten på ein suksesskarriere som tok George Weah vidare til klubbane Paris Saint Germain (PSG), Manchester City , AC Milan, Chelsea og Olympique Marseille.

LES MEIR Jagar siger

Tre forsøk

I 2001 tok fotballkarrieren slutt, og Weah reiste heim til Liberia, skipa partiet Congress for Democratic Change, og prøvde å bli president allereie i 2005. Han tapte mot den Harvard-utdanna økonomen som blei Afrikas første kvinnelege president, Ellen Johnson Sirleaf, som kom til Norge i 2011 for å hente Nobels fredspris.

Seks år seinare tok Weah eit steg ned og blei visepresidentkandidat, men blei på nytt runda av Sirleaf rett før mål. Først på tredje forsøk gjekk han av med sigeren.

På vegen dit har han fylt på CV-en med ein mastergrad i økonomi og administrasjon, og fartstid som rikspolitikar. Sidan 2014 har han vore folkevalt senator i Liberias senat.

Norsk bistand

Oppgåvene som ventar den nye presidenten er enorme. Økonomien i Liberia har stått nærast stille dei siste åra, og fleirtalet av 4,7 millionar innbyggjarar kan korkje skru på elektrisk lys i heimen og opne ei kran med reint drikkevatn.

For å bøte på det siste har Norge støtta energisektoren i Liberia med nær ein milliard bistandskroner. I 2016 opna vasskraftverket Mount Coffee, og drygt 100.000 hushaldningar blei kopla til straumnettet.

No vonar fattige liberianarar at han som sjølv har kjent lutfattigdommen på kroppen skal føre landet til nye siger.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter