Nyheter

– Bakkekrig mot IS beste løysing

Militæranalytikar trur ikkje IS kan bombast vekk.

Ståle Ulriksen, forskar og forsvarsanalytikar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) og Sjøkrigsskolen, har ikkje tru på aksjonen som no bli mobilisert i vestlege hovudstadar etter terrorangrepa i Paris:

Fleire fly over Syria, med mål om å bombe den såkalla Islamske staten (IS) vekk frå bakken.

– Frankrike kan ikkje opptre åleine på denne arenaen, sa landets forsvarsminister, Jean-Yves Le Drian på eit møte med EUs forsvarsministrar i går.

Danmark svarte at landet vurderer å delta i luftkrigen i Syria. Norge er avventande. Regjeringa har ikkje fått ein formell førespurnad, opplyser statsministeren.

LES OGSÅ: – Må se mye lenger fram for å knekke IS

Bombar IS

Akkurat som Frankrike har Russland og USA intensivert bombinga av IS-mål i Irak og Syria dei siste døgna. Både franske og russiske fly har retta åtak mot IS-hovudsete Raqqa, som ligg i Syria. Frankrike melder at dei har øydelagt ein treningsleir. USA på si side har bomba IS-kontrollerte oljeanlegg i Syria og IS-mål i seks irakiske byer.

Ro og orden

Ståle Ulriksen trur ikkje bombestrategien fører fram:

– Ein vil ikkje klare å bombe vekk IS. Skal IS takast ut, må ein setje inn bakkestyrkar i form av spesialsoldatar eller fallskjermavdelingar som erobrar by etter by – og drep IS-krigarane eller tek dei til fange.

Men militæranalytikaren ser ingen teikn på at vestlege land er budde til å setje inn slike bakkestyrkar i Syria.

– Og set ein inn bakkestyrkar må ein gjere ein ting til; nokon må rykkje inn etter at IS er rydda av vegen og sikre ro og orden – ein må fylle maktvakumet som oppstår.

LES OGSÅ: IS bygger sitt imperium med sosiale medier

Manglar fred

Ulriksen seier at sjølv om IS blir knust, vil regionen vere ustabil:

• Både USA og Russland vil fjerne IS, men dei er ikkje samde om vegen vidare for Syria – Russland støttar president Assad, det gjer ikkje USA.

• Iran har soldatar i Syria som støttar Assad-regimet, og landet støttar Hizbollah-militsen i Libanon som har sendt tusental krigarar til Syria for å kjempe mot IS.

• Tyrkia avviser alle kurdiske framstøyt mot sjølvstende.

LES KOMMENTAREN: Hva er det som er så forlokkende med å ofre seg selv?

Vurderer opptrapping

I ein kommentar til opptrappinga av bombekrigen mot IS i Syria, seier utariksminister Børge Brende (H) til NTB at det er avgjerande å finna ei politisk løysing på borgarkrigen i Syria. Men han legg til at Norge også deltek i den militære innsatsen mot IS. Norge har sendt militære instruktørar til Nord-Irak som lærer opp kurdiske militæravdelingar – og spesialsoldatar til Bagdad. Desse driv opplæring av irakiske regjeringsstyrkar.

- Vi vurderer no korleis bidraget vårt skal vidareførast det neste året. Skulle det koma spørsmål om ytterlegare bidrag, vil dette sjølvsagt bli vurdert nøye, seier Brende.

Væpna av hæren

– Kva kan dette betyr, Ulriksen?

– Vanskeleg å vite kva regjeringa planlegg. Men det vil vere ærlegare av regjeringa å bruke forsvarets spesialstyrkar til slike bakkeoperasjonar som eg har skissert.

– Kvifor det?

– No driv dei med opplæring av avdelingar i Irak som ein ikkje heilt veit kva kan finne på.

Fleire av militsgruppene som deltek i offensiven mot IS i Irak – og som Norge støttar med 120 soldatar – står på USAs liste over terroristorganisasjonar. Human Rights Watch og Amnesty melder at sjiamuslimske militsgrupper står bak massakrar, hemndrap, tortur og plyndring i områda dei har erobra frå IS. Sjiamilitsen får våpen av regjeringshæren.

Kom etter

Før NATO-toppmøtet i Wales i fjor haust var Solberg-regjeringa nølande til å ta del i krigen mot IS. Men etter at USA inviterte ei lang rekkje land inn i ein koalisjon av villige, sa også Norge seg villig. Bidraget blei 120 militære instruktørar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter