Nyheter

– Mobbeknappen som er utvikla i Nordland og innført på alle dei vidaregåande skulane i fylket, er eit billeg og enkelt lågterskeltilbod, og best av alt, ideen kjem frå elevane sjølve, så denne ordninga burde kunnskapsministeren ha omfamna, seier stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg, som sit i Stortingets utdanningskomité for Arbeidarpartiet.

Som første skuleeigar i landet innførte Nordland fylkeskommune i mars ein mobbeknapp på heimesidene til samtlege 16 vidaregåande skular. Mobbeknappen er ein raud firkant som ligg på fronten på heimesida. Når ein elev trykkjer på knappen, kjem det opp eit skjema der ein fyller inn namn og hending. Det ferdig utfylte skjemaet går rett til rektor på den aktuelle skulen. Skuleleiaren er pålagt å handtere mobbevarselet innan fem dagar.

Spørsmål

Tvedt Solberg og Ap ønskjer ordninga med ein eigen mobbeknapp innført på heimesidene til alle landets vidaregåande skular. Han tok difor forslaget opp med kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H):