Nyheter

Avviser AUFs abortforslag

AUF sitt komande abortvedtak får skarp kritikk frå Høgre og KrF. – Det er heilt uaktuelt, seier Stefan Heggelund (H).

– Dette er ein debatt med store dilemma, som det verkar som at Hussaini ikkje har ofra ein tanke, seier stortingsrepresentant Stefan Heggelund (H).

Det at ein kan redde eit foster tidlegare og tidlegare, bør gjere at ein tenkjer seg om, meiner han.

– Hussaini bruker som argument at 90 prosent får ja av nemndene. Då lagar han eit problem av noko som med hans utgangspunkt ikkje er eit problem. Nemndene finst for å ivareta balansen mellom både kvinna og livet i magen sin rettstryggleik, seier Heggelund.

LES MEIR: AUF: Bort med abortnemndene

Trist

KrFU-leiar Martine Tønnessen seier ho blir trist av forslaget.

– Kva informasjon får ein etter veke 12, som ikkje har med sortering å gjere? Å utvide grensa, opnar opp for meir sortering av barn som har eigenskapar ein ikkje vil ha, seier Tønnessen.

Ho meiner nemndene sikrar at det er tungtvegande grunnar til at ein får abort utover dagens abortgrense.

– Er ikkje ei nemnd ei ekstra barriere og belasting, sjølv for kvinner som har tungtvegande grunnar til å ta abort?

– Det forstår eg. Samtidig meiner eg at verdien til barnet er viktigast i dette. Barnets beste må også bli sett, sier Tønnessen.

LES MEIR: Overlege åtvarar mot å utvide abortgrensa

Fjerner buffer

– Dette er hårreisande og lite klokt. Når det nærmar seg veke 18, er aborten som ein fødsel for kvinna, som er ei stor belastning for henne, seier Maria Selbekk i organisasjonen Menneskeverd.

Ho meiner at dersom ein fjerner abortnemndene, så fjerner ein eit organ som fungerer som ein slags buffer for kvinnene.

– Dei let kvinnene vere heilt åleine med denne avgjerda. Det er drøyt, seier Selbekk.

– Men dei vil framleis ha tilgong på fastlege og spesialisthelseteneste som dei kan drøfte dette med, vil dei ikkje?

– Jo, men når ein snakkar om seinabort som er stor belastning, må ein støtte opp om dei ordningane som finst, seier Selbekk.

LES MEIR: Abortsøkjande kvinner kjenner seg tvungne til å møte i abortnemnd

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter