Nyheter

Avviser Arne Vistes tolking av Grunnloven

Både Utlendingsdirektoratet og Oslo-politiet avviser at ureturnerbare kan jobbe, og seier at vikarverksemda til Arne Viste er ulovleg.

– Grunnloven er ei politisk programerklæring, og gjev ingen individuelle rettar, slår Martin Askvik, seniorrådgjevar i opphaldsavdelinga i Utlendingsdirektoratet (UDI), fast i Oslo tingrett.

Tysdag er aktoratets dag i Oslo tingrett i straffesaka mot Arne Viste og vikarbyrået Plog. Aktor, politiadvokat Hans Petter Pedersen Skurdal, har henta inn vitner frå Utlendingsdirektoratet og Oslo-politiet som skal opplyse retten om kva som er lovleg når det kjem til det å arbeide i Norge.

I tiltalen skriv påtalemakta at Arne Viste og Plog «forsettlig eller grovt uaktsomt gjør bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

Strafferamma er to års fengsel.

LES MER: Arne Viste risikerer to års fengsel for kallet han tror han har fått av Gud

«Undergrev systemet»

Askvik frå UDI forklarar kva som er gjeldande rett:

– Har du fått avslag i UDI, og endeleg avslag i UNE, så skal du forlate Norge. Det er det brei politisk semje om.
Askvik påpeikar at dei som ikkje reiser frå Norge etter endeleg avslag, «undergrev systemet».

Offer for utnytting

I fire år har Vistes vikarbyrå tilsett vikarar som alle er såkalla ureturnerbare; dei har fått endeleg avslag på asylsøknaden, men forlet ikkje landet fordi Norge ikkje evnar å tvangsreturnere dei, ofte fordi heimlanda nektar å ta i mot dei.

Denne gruppa har etter lovverket ikkje lov til å arbeide i Norge. Askvik i UDI åtvarar mot å tilsetje asylsøkjarar med endeleg avslag, for dei kan lett bli offer for grov utnytting.

Ei programerklæring

Arne Viste meiner Grunnlovens paragraf 110 gjev ureturnerbare rett til å jobbe: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si.»

Askvig i UDI fortel at dei i nokre utvisingssaker har vurdert Grunnlovens paragraf 110, men at han ikkje er relevant:

– Dette er ei politisk programerklæring som ikkje rettar seg mot individ. Ho gjev ingen rettar til det einskilde individ

LES MER: Aktor i Viste-sak: Måtte forstå at dette var ulovleg

Presse fram sak

Etter UDI sette Vegard Rødås, politiinspektør og påtaleleiar i Oslo politidistrikt, seg i vitneboksen i sal 828 i Oslo tingrett. Han fortel at Oslo-politiet avdekte at Viste gav arbeid til folk som har endeleg avslag.

– Verksemda var ulovleg og måtte opphøyre, Viste fekk beskjed både munnleg og via epost, fortel Rødås.

Men Viste ønskte ikkje å etterkome pålegget. Rødås fortel at Viste «ønskte å presse fram ei sak for domstolen», og «få ei hovudforhandling rundt dette».

LES MER: Historisk rettssak mot Arne Viste - har kjempa for å bli tiltalt

Møte med Oslo-poliktiet

Viste inviterte seg sjølv til eit møte med Rødås i 2017 i Oslo. Her la Viste fram det Rødås hugsar som eit ønskje om «endring av regelverket».

–Viste ønskjer at arbeid til asylsøkjarar med endeleg avslag skal vere ein lovleg aktivitet. Han viste til Grunnloven.

Rødås opplyste retten om at han hadde fortalt Viste «om kva som var rett forståing av lova»:

– Det er ikkje lov å arbeide om ein har endeleg avslag.

LES MER: Noen av mine ansatte har blitt sendt ut av Norge

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter