Nyheter

Avviser adopsjon etter surrogati

Adopsjonslova er 30 år. Familieminister Solveig Horne (Frp) legg no fram ny lov. Ho seier tvert nei til adopsjon etter surrogati, men lyttar til Tore på sporet.

Hausten 2014 sette lovutvalet punktum. I to år hadde ein jussprofessor, ein tingrettsdommar, ein advokat og to psykologar saumfare adopsjonslova frå 1986.

Oppdraget var omfattande: «fremme forslag til en fullstendig regulering av de spørsmål som er regulert i gjeldende regelverk, retningslinjer og rundskriv.

Oppsummert: Lag ny adopsjonslov.

Han visste at han provoserte. Utvalsleiar Karl Harald Søvig, jussprofessor i Bergen til dagleg, tok sats då lovframlegget blei lagt i hendene på barneminister Solveig Horne ein oktoberdag i 2014:

– Vi er budd på at dette vil vekkje debatt.

LES MEIR Toppstrid om surrogati

Ulovleg i Norge

Søvig-utvalet meinte Horne og Solberg-regjeringa bør seie ja til stebarnsadopsjon etter surrogati; dersom den eine av partnarane i eit forhold har ein biologisk tilknyting til barnet, ja, så bør den andre partnaren få adoptere barnet som sitt stebarn.

– Med tanke på barnets beste meiner vi det er rett å opne for adopsjon sjølv om foreldra har gjort noko som vi som samfunn ikkje anerkjenner, sa Søvig.

Etter at helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) rydda litt i bioteknologilova i 2013, seier lova at det er absolutt forbode å gjere nytte av surrogati i Norge, men nordmenn kan ustraffa få surrogatibarn i utlandet.

LES MEIR: Ville heller hatt en annen jobb

Avviser forslag

Etter høyringsrunde og finpussing på forslaga frå lovutvalet, er Horne klar med ny adopsjonslov. No skal Stortinget ta over. Statsrådens melding til lovgjevarane er tydeleg:

– Eg avviser forslaget om stebarnsadopsjon etter surrogati. Det reiser juridiske og etiske utfordringar å lovfeste retten til stebarnsadopsjon etter surrogati. Det kan bli oppfatta som ei legitimering av surrogati. Men fordi surrogati ikkje er lovleg i dag, seier vi nei til forslaget frå lovutvalet, forklarar statsråden til Vårt Land.

Press frå sporjeger

Lovutvalet har eit forslag Horne gjev full støtte. Dersom den adopterte er død, skal etterkomarane til den døde få vite kven som er deira biologiske besteforeldre.

Men det er ikkje berre utvalet som har peika på denne lovendringa:

– Tore på sporet har også tatt dette opp med oss, fortel Horne.

Sporjegeren ho viser til er NRKs Tore Strømøy som i tiår har jakta familiemedlemmer jorda rundt i serien «Tore på sporet».

– Barn av adopterte vil gjerne finne ut kven dei er etterkomarar av. Men denne informasjonen blir du nekta i dag. Slik vil vi ikkje ha det. For meg er det viktig at folk får kunnskap om sitt biologiske opphav.

Aldersgrense for kunnskap

Kunnskap er viktig for Solveig Horne. Difor følgjer ho utvalet når det foreslår å senke aldersgrensa for når ein adoptert skal få vite kven som er dei biologiske foreldra. Ho går ned frå 18 til 15 år.

– Som 15-åring er du i stand til å få informasjon om dine biologiske foreldre, men det er viktig at dei som får slik informasjon blir godt følgt opp av vaksne som står rundt dei.

Horne fortel at barnet har krav på å få denne informasjonen dersom barnet ber om det. Den adopterte skal få naudsynt vegleiing frå styresmaktene dersom vedkommande ønskjer desse opplysningane.

LES MEIR Sp vil ha KrF på laget mot Ap

Oppfostring i fem år

I lovforslaget Horne sender Stortinget går ho også inn for:

• Adopsjon får eit eige formål; adopsjonen skal være til barnets beste.

• Det skal ikkje vere mogeleg å adoptere eit ukjent barn utanom organisasjon dersom ein norsk organisasjon har adopsjonssamarbeid med det landet barnet blir adoptert frå.

• Den som søkjer om å få adoptere ektefellens barn – stebarnsadopsjon – skal som hovudregel skal ha oppfostra barnet i minst fem år‚ og må ønskje å oppfostre barnet vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter