Nyheter

Avslørte 
medlems
juks

Mandag startar rettssaka mot SOS Rasisme. Du var med på å avsløre medlemsjukset, Eiliv F. Flydal. Korleis gjekk dykk fram?

Bilde 1 av 2

–  Vi starta vinteren 2009 og brukte fem månadar til første sak. Gjennom undersøkingar og tilgang til interne dokument i SOS Rasisme, dokumentere vi at størsteparten av leiinga også var medlem i det kommunistiske­ mikropartiet­ Tjen Folket. TF-medlemmar hadde også dei best betalte stillingane. SOS Rasisme, som hevda å ha 40.000 medlemmar, var altså blitt ein front for ei gruppe som argumenterte for politisk vald og sjølv hadde nokre­ titals aktive medlemmar. Så tok personar over heile landet, som hadde blitt meldt inn utan å vite om det, kontakt. Vi følgde penge-
straumane frå SOS Rasisme til TF og fekk til slutt ein kopi av medlemsregisteret, som viste at medlemsjukset var gjennom-
gripande.

LES OGSÅ: Omfattende siktelser mot SOS-rasisme

– Skal ha hamna blodig på legevakta

Korleis var det å jobbe med saka?

– Det var lange dagar prega av store dokumenthaugar og mykje­ kjeldepleie. Veldig interessant. Staten og kommunar var tilsyne
latande handlingslamma.

Kva konsekvensar har saka hatt, bortsett frå rettssakene?

– Fleire personar som har gitt intervju­ til Dagbladet og varsla­ om kriminelle forhold i SOS Rasisme­, har hamna blodig på legevakta eller fått truslar mot livet sitt. Det er trist og svært alvorleg­.

– SOS rasisme har tidlegare blitt dømt for juks. No er det enkeltpersonar som er på tiltalebenken. Kva tenkjer du om rettssaka som startar i dag?

– Det blir sjølvsagt interessant. Vi skal dekke den grundig og gi alle høve til å svare for seg, slik vi har dekka denne saka tidlegare.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Stor sak

Aktor i saka som byrjar i dag kallar den «norgeshistoriens største medlemsjukssak».

– Det var før Den katolske kyrkja vart avslørt. Men SOS Rasisme-saka er over 30 gongar større enn AUF-saka, målt i tal på kroner i rettsoppgjeret. Eg er glad for å jobbe i ei avis som satsar på undersøkande­ journalistikk.

– Ingen av dei tiltalte erkjenner straffeskuld. Kva tenkjer du om det?

– Eg trur dei tiltalte sitt møte med rettsstaten blir ei interessant oppleving. Både for dei sjølve og for dei som følgjer saka tett.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter