Nyheter

Åtvarer mot super-tuberkulose

Ein variant av tuberkulose som medisinane ikkje lenger kan ta veks fram. Leger uten grenser meiner verda har gløymt sjukdomen - og skapt eit nytt og verre problem.

Sjukdomen tuberkulose er noko ein i Norge vanlegvis tenker på i samband med første halvdel av 1900-talet, då den er så godt som utrydda i Norge. Men i resten av verda er éin av fire smitta av bakterien, og opp mot 10 prosent av desse får sjukdomen ein gong i løpet av livet.

Det største problemet er at mange fleire enn før no er smitta av ein multiresistent tuberkulose, som det fram til no ikkje har vore nokon medisin mot. Spesielt er problemet stort i Aust-Europa og Sentral-Asia - der er talet på multiresistent tuberkulose høgare enn nokon andre stader i verda.

– Nokre pilar peiker rett veg, som at talet på smitta i verda går ned. Men talet på dødsfall går ikkje ned, og multiresistent tuberkulose er aukande, og det bekymrar oss, seier Karine Nordstrand, som er president i Leger uten grenser.

LES MEIR: Vel bøn over skulemedisin

Feil behandling

Den multiresistente varianten av sjukdomen, er utvikla fordi pasientar ikkje har fått god nok behandling. I Aust-Europa og Sentral-Asia har mange dårleg tilgong til riktig hjelp.

– Nokon får aldri diagnose og får difor ikkje behandling, og mange får feil eller mangelfull behandling, eller avbryter behandlinga fordi dei ikkje toler biverknadane, seier Nordstrand.

Standardbehandlinga for tuberkulose består framleis av 40-50 år gamle medisinar som gir sterke biverknadar som høyrsletap, hudproblem og psykiske lidingar. Dei blir ofte sjukare av medisinen enn av symptoma av sjukdomen. Behandlinga varer i 6 månader, og det er mange som ikkje klarer å gjennomføre den behandlinga som trengs for å bli frisk.

– I Norge har vi heimesjukepleie som gir pasientar dei medisinane dei treng kvar dag. Men fleire pasientar i andre land må ofte reise langt for å hente medisinar, og ingen passar på at dei faktisk tar medisinen, seier Mona Drage, som er dagleg leiar i Landsforeininga for hjerte- og lungesjuke (LHL) sitt internasjonale arbeid.

Gløymer fattige

Ho meiner dei gamle medisinane tyder på at rike land gløymde sjukdomen etter at dei sjølve hadde fått kontroll.

– Tuberkulose er eit døme på at verda har gløymt dei fattige, for det er framleis den infeksjonssjukdomen som tar flest liv. Behandlinga dei må gå gjennom er så forferdeleg, og det er nesten ikkje til å tru at det framleis er eit så stort problem i 2018, seier Drage.

LHL har mellom anna prosjekt knytt til fengsel i Russland. Mange stadar i verda er tuberkulose veldig utbreidd i fengsel, også i Russland. Der har den multiresistente bakterien brote ut i mange fengsel.

– Der er det veldig ulikt frå fylke til fylke. Nokre stadar har dei god kontroll, men fleire fengsel ikkje eingong tal på kor mange som har resistent tuberkulose, seier Drage.

Ny medisin

Den multiresistente tuberkulosen kan ikkje bli behandla med medisinar som verkar på vanleg tuberkulose, så utan nye medisinar er det ikkje mogleg å behandle dette.

– Det må forskast meir på nye medisinar som kan behandle multiresistens. Det har kome nokre medisinar som etterkvart vil kome på marknaden, men førebels er det få som har fått denne, seier Nordstrand.

Leger uten grenser meiner legemiddelindustrien ikkje har hastverk med å utvikle nye medisinar fordi det hovudsakleg er fattige grupper som har sjukdomen, og difor mindre pengar å tene på medisinen. Nordstrand seier dei difor arbeider for å utvikle dei to medisinane som no finst.

– Vi behandlar pasientar med dei to medisinane som finst, og undersøker korleis dei verkar. Vi har sett gode resultat så langt, så vi prøver no å gjere medisinane meir tilgjengelege for dei som treng dei, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter