Nyheter

Året det skar seg

Alle slipte kniven: Senterpartiet, SV, Venstre, MDG og Framstegspartiet, men berre Frp vedtok forbod mot rituell omskjering av gutar – og hausta massiv kjeft.

– Intoleranse av verste sort, small det frå Ervin Kohn, fremste talsmann for norske jødar. Som forstandar i Det Mosaiske Trossamfund (DMT) refsa han politikarane som ville bruke norsk lov mot eit eldgammalt jødisk ritual.

LES OGSÅ: Vårt Lands artiklar om omskjering

Brit Milah

Den åttande dagen etter fødselen blir dei aller fleste jødiske gutar omskorne. Ein kunnig fagperson, ein mohel, snittar vekk forhuda på penis. Omskjeringa er både eit teikn og ei pakt mellom jødane og Israels Gud, fortel DMT; omskjeringa er eit viktig prov på ønskje om å bevare den jødiske identiteten.

Seremonien har eit eige namn, Brit Milah, og er ei hending som blir feira stort i familien. Nyfødde jødiske gutar får namn ved Brit Milah.

Også muslimske gutar blir omskorne, men helst når deer monaleg eldre.

LES OGSÅ: MDG kuttar forslag om omskjeringsforbod

Trekte forslag

Allereie i januar lufta Senterpartiets justispolitiske talskvinne, Jenny Klinge, forslaget om eit lovvern mot omskjering. Det er svært synd at små gutar ikkje har eit lovvern mot å bli omskoren, meinte ho.

Men det blei med luftinga av synspunktet i Sp.

Meir handfast politikk såg det ut til å bli i SV, Venstre og MDG. Dei tre partia fremma alle forslag, før landsmøta på våren, om å forby rituell omskjering av gutar.

Men det blei med forslaget i SV. Partisekretær Kari Elisabeth Kaski ville forby omskjering av guter under 15 år, men både leiar og nestleiar, høvesvis Audun Lysbakken og Snorre Valen, sa nei. I eit minoritetsperspektiv er forslaget djupt problematisk, og eg vonar forslagsstillarane tenkjer seg nøye om, meinte Valen.

Forslaget kom aldri til votering. Det blei trekt.

LES OGSÅ: Omskjæringsvedtaket var ingen ingkurie, skriver Håvard Nyhus

Bakka ut

To veker seinare var det Venstres tur til å bakke ut. Partiets landsmøte avviste forslag om å ta inn eit punkt i det nye partiprogrammet om at gutar må ha nådd ein viss alder og ha gjeve eit informert samtykke før rituell omskjering kan bli utført.

Israel reagerte

Så kom landsmøtet som sette Norge på verdskartet i fleire dagar. Framstegspartiet vedtok i mai, etter at eit kompromissforslag hadde blitt avvist, å eit forbod mot rituell omskjering av gutebarn.

Vedtaket provoserte Israels sendemann til Norge så kraftig at han valde å intervenere:

Som representant for den jødiske staten ønskjer ambassaden både å uttrykkje at ein er vonbroten og at ein har von om at vedtaket blir gjort om, sa ambassadør Raphael Schutz, og forklarte at omskjering er ein essensiell del av den jødiske identiteten, både for religiøse og sekulære jødar.

Veka etter Frp-landsmøtet las Miljøpartiet Dei Grøne teksten på veggen: Vi ønskjer ikkje å stå på same side som Framstegspartiet, sa forslagsstillarane i MDG – og trekte forslaget om aldersgrense på omskjering.

LES OGSÅ: Omstridt lov skal sjekkes

Parkert av Siv

Frp-vedtaket vekte oppsikt i Israel, og jødske leiarar i Europa ba om krisemøte med partileiar Siv Jensen. I juni fortalde Jerusalem Post at Jensen hadde møtt leiaren for European Jewish Association, rabbiner Menachem Mangolin, og den nederlandske sjefrabbinaren Binyamin Jacobs. Jensen, som var mot landsmøtevedtaket, delte ute ord til ro, fortalde den israelske avisa, og siterte Jensen – som parkerte omskjeringsforbodet:

– Eg forstår kvifor europeiske jødar var urolege, men eg vil forsikre alle om at det ikkje er på regjeringas agenda, ikkje på mitt partis agenda, og ikkje på min personlige agenda. Eg vil gjere det klart: at på min vakt vil ikkje dette bli følgt opp. Her i Norge respekterer vi religionsfridom.

Sa Siv Jensen. Sak lukka.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter