Nyheter

Arbeidarpartiet er mot kontantstøtte - men godtek kommunal kontantstøtte

Fleire kommunar tilbyr lokal kontantstøtte. Arbeidarpartiet er prinsipielt mot ordninga. Men i Hå kommune går partiet ikkje til val for å fjerne tilbodet.

KrF har i fleire kommunar klart å oppretthalde rause, lokale ordningar med ekstra kontantstøtte - ofte med støtte frå Arbeidarpartiet, som i prinsippet er mot slik støtte.

– Eg skulle ønskje at me heller brukte pengane på å styrkje barnehagen, få inn fleire pedagogar og fleire vaksenpersonar, seier Tone Elin Berge.

I dag er ho gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Hå kommune i Rogaland, men vonar å ta steget opp og bli ordførar etter valet i september.

Hå kommune budsjetterer i år med å bruke vel fire millionar kroner på kommunal kontantstøtte, omtrent det same som dei brukte i fjor. Den kommunale støtta tek over når det statlege sluttar, altså når barnet blir to år. Kommunestøtta varer til barnet fyller tre.

KrF har ordføraren i Hå, og partiet har eit mindretalssamarbeid med Senterpartiet og Ap.

«Avvikle»

– Men dersom Arbeidarpartiet er mot den kommunale konstantstøtta, kvifor går de ikkje til val i september for å få ho fjerna, Berge?

– I dag er det ikkje fleirtal i kommunestyret for dette, forklarar ho, og legg til at truleg blir det heller ikkje det i det ny kommunestyret.

Arbeidarpartiets partiprogram har eit tydeleg syn på kontantstøtte: «Avvikle kontantstøtten. Familier som har søkt om barnehageplass, kan motta ventestøtte fra foreldrepermisjonen tar slutt, til barnehageplass tilbys.»

Statsstøtta

Kontantstøtta er 21 år. Ho blei ble innført 1. august i 1998 for 1-åringar av Bondevik I, og blei utvida til også å omfatte 2-åringar i 1999. Då den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa tok over i 2005, blei kontantstøtta til toåringar fjerna i 2012.

Mange kommunestyre, særleg der KrF var i styringa, svarte med å vedta lokal kontantstøtte. På det meste hadde nær 20 kommunar kommunal støtte.

Ei kartlegging Vårt Land har gjort viser at færre kommunar no har kontantstøtte, og at ho varierer frå 5.000 til 1.000 kroner i månaden. Nokre har gradert støtte der dei kan kombinere litt barnehage med kontantstøtte. Andre kommunar betaler berre ut støtte til barna som ikkje brukar barnehage.

I dag får dei som søkjer statleg kontantstøtte 7.500 kroner i månaden om barnet er mellom eitt og to år og ikkje går i barnehage.

Bukrav

Sentralt i kritikken mot kontantstøtta er at ho hindrar integrering av innvandrar i det norske samfunnet, då særleg denne gruppa takkar ja til støtta.

Statistisk sentralbyrå (SSB) siste brukskartlegging viser eit endra bilete. I 2018 brukte rekordfå foreldre den nasjonale kontantstøtta. Forklaringa finn SSB i 2017. Då blei det gjennomført to endringar i regelverket: Stønadsummen gjekk monaleg opp – og foreldre som ønskte kontantstøtte møtte kravet om minst fem års butid i Norge. Butidskavet senka talet på kontantstøtta barn med innvandrarbakgrunn frå 45 prosent i 2016 til 28 prosent i fjor.

LES MEIR: Presset mot kontantstøtten øker i Ap

Avslutta

Ein kommune har skrota tilbodet i år, Spydeberg kommune i Østfold. Då kommunestyret handsama 2019-budsjettet i desember, gjekk MDGs representant på talarstolen og la fram forslaget om heller å bruke den kommunale kontantstøtta til å gjere SFO billegare.

Fordi ein Høgre-representant braut med gruppa, fekk forslaget fleirtal. Frp og KrF klaga vedtaket inn for Fylkesmannen i Østfold. Dei meinte vedtaket ikkje var lovleg fatta. Fylkesmannen konkluderte med det motsette. Difor opphøyrte den kommunale kontantstøtta 1. juli. Den halve millionen blir no brukt til å gjere SFO billegare, ned 200 kroner i månaden.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter