Nyheter

Ap og Sp i nøkkelrolle i asylsak

Stortinget drøftar tysdag forslag som på sikt kan gje mildare behandling av unge, afghanske asylsøkjarar.

Striden står om det er trygt å returnere myndige 18 gamle gutar til krigsherja Afghanistan, og til ein annan kant av landet enn dei kjem frå. Til hovudstaden Kabul.

Det er trygt, seier Landinfo, Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda og Solberg-regjeringa med innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) i front.

Det er utrygt, seier SV, MDG, Raudt, KrF og Venstre.

Det er sider av saka som vi må sjå på, melder Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som støttar tryggleiksvurderinga til Listhaug.

LES MEIR: «Vi elskar Norge, men Norge elskar ikkje oss» 

Åtvaring

Sylvi Listhaug og regjeringa meiner også at det er viktig ikkje å vike no:

«Jeg vil på det sterkeste advare mot at Stortinget slutter seg til forslaget om stans i alle returer til Afghanistan (...) jeg frykter også at vedtaket åpner for økt asyltilstrømning til Norge etter en periode med rekordlave ankomster, da Norge vil være det eneste landet i Europa – så langt vi vet – som vil stanse alle returer til Afghanistan», sa Listhaug i Stortinget onsdag.

Avvist

I dag er det ordskifte og votering om SVs hasteforslag: «(...) umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkere til Afghanistan».

Men utfallet blei klart sist veke. Senterpartiet og Arbeidarpartiet avviser SVs forslag; frys no er ikkje fornuftig.

Nye forslag

Venstre ville korkje støtte SVs forslag sist veke, eller avise det heilt. Partiet ønskjer å kome dei såkalla «oktoberbarna» til unnsetning:

«Stortinget ber Regjeringen om å iverksette umiddelbar stans i tvangsretur til Afghanistan av asylsøkere som var enslige mindreårige da de kom til landet (...)».

Stoppen skal vare fram til Stortingets kommunalkomité har behandla ferdig eit Afghanistan-forslag frå SV, MDG og Raudt.

Fordi SV lei nederlag sist veke fremmar dei i dag to nye forslag, som langt på veg har same innhald som Venstres.

«Rimeleg»

Venstre varslar også at dei vil ha tilbake det såkalla rimelegkravet; det må vere «rimeleg» å returnere ein asylsøkjar til internflukt i trygge delar av heimlandet – er konklusjonen at det er «urimeleg» skal søkjaren få opphald i Norge. Partiet vil også skrote mellombelsordninga Ap og Sp fekk innført i 2009. Einslege barn som søkjer asyl kan få mellombels opphald fram til dei fyller 18 år, og så returnerast som vaksne.

LES MEIR Ap-nestor: Stopp returen av unge til Afghanistan, Ap

Sårbare

Med andre ord blir det mange Afghanistan-ordskifter i fagkomité og stortingsplenum i månadane som kjem.

For det kjem meir. Inn frå venstre kant kjem Arbeidarpartiets forslag om at utlendingsforvaltninga skal få eigne «sårbarhetskriterier» når asylsøknader frå einslege mindre­årige skal bli avgjort. Slike kriterium er manglande omsorgspersonar, nettverk og/eller ressursar i heimlandet.

Senterpartiet seier dei ser med interesse på både «rimelegkravet» og «sårbarhetskriterier», og Ap-leiar Jonas Gahr Støre vedgår at for mange asylsøkjarar har fått opphald på mellombels grunnlag.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter