Nyheter

Ambassadør ville endre museumstekst

Polens ambassadør i Norge kravde at Heimefrontmuseet endra tekstar om konsentrasjonsleirar.

Polens styresmakter følgjer nøye med på kva omtale krigshistoria får i ulike land. Så også i Norge. Her har eit museum og ei lokalavis fått på pukkelen.

Vi spolar tilbake til 2016. Magasinet Forskarforum fortel at det heile starta med at statlege Noregs heimefrontmuseum fekk eit brev frå den polske ambassadøren i Norge. Her hevda sendemannen at fleire tekstar i utstillinga om utryddingsleirane i Sentral-Europa under andre verdskrigen kunne villeie publikum.

LES MEIR Provoserer med holocaust-mote

Utan kunnskap

Tekstar som «konsentrasjonsleirer i Polen» eller «jødisk getto i Polen» er upresise, og underkommuniserer at Polen, på same måte som Tsjekkoslovakia, var tysk-okkuperte, meinte ambassadøren. Han kravde at tekstane måtte endrast til «konsentrasjonsleirer i det okkuperte Polen», elles kunne besøkjande utan særleg kunnskap om andre verdskrigen tru at også Polen og Tsjekkoslovakia stod ansvarleg for utryddingsleirane.

Klaga til sjefen

Men Heimefrontmuseet valde å halde fast ved tekstane, og melde i eit svarbrev at dei ikkje var til å misforstå, slik ambassadøren hevda. Polens ambassadør var ikkje nøgd med svaret, og vende seg difor til forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen. Forskarforum meldte at forsvarssjefen skreiv at han vil ordne opp i saka.

Brevet skapte opprør på Heimefrontmuseet:

– Det mest oppsiktsvekkjande er at forsvarssjefen legg seg flat for påstandane frå den polske ambassadøren, og kjem med forsikring om at Heimefrontmuseet skal korrigere utstillinga. Forsvarssjefen blandar seg altså inn og overprøver den faglege vurderinga til museet, sa nestleiar Frode Færøy til Forskarforum i 2016.

LES MEIR: Intens krangel mellom Israel og Polen 

Blei ståande

Admiral Bruun-Hanssen svarte magasinet skriftleg: «At det kommer reaksjoner på at tekstene benevner beliggenheten til konsentrasjonsleirene ved navn på land, har jeg forståelse for. Det er korrigering av selve teksten på skiltene jeg har bedt Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon om å endre.»

– Endra de tekstane, nestleiar ved Heimefrontmuseet, Frode Færøy?

– Nei, dei står som dei alltid har stått, og dei blir ståande. Vi sette berre opp eit lite tilleggsskilt som fortel at Polen var okkupert av Tyskland, fortel han Vårt Land.

LES MEIR Reisa mot endeleg løysing

Frifann avis

I 2015 blei lokalavisa Sør-Trøndelag klaga inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU) av eit norskbasert, polskspråkleg nettstad, ScanPress.net. For i ei filmmelding brukte avisa «polsk konsentrasjonsleir» om den tyske konsentrasjonsleiren Auschwitz som låg i Polen.

PFU frifann Sør-Trøndelag fordi avisa retta opp feilen – og beklaga han – straks dei blei merksame på han.

PFU-frikjenninga fekk mange polakkar til å reagere, meldte Journalisten.no i 2015. I løpet av kort tid signerte drygt 30.000 personar eit opprop via den internasjonale kampanjenettstaden citizengo.org. Dei oppfatta avgjerda som ei nasjonal fornæring mot Polen.

Minister klaga

Avgjerda i PFU engasjerte også Polens regjering:

– Vi aksepterer ikkje ei slik tolking, sa dåverande utanriksminsiter Witold Waszczykowski til det polske nyhendebyrået PAP.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter