Nyheter

Aktiv konge på kyrkjeveg

Kong Harald feirar 25 år sidan signinga med gudsteneste.

Bilde 1 av 4

– Vi inviterte kongeparet til gudsteneste i Nidarosdomen 23. juni for å markere at då er det akkurat 25 år sidan dei blei signa, fortel Helga Haugland Byfuglien, leiande biskop i Den norske kyrkja.

På spørsmål til kommunikasjonssjef Marianne Hagen ved Slottet om kven som tok initiativet til gudstenesta i Nidarosdomen i juni, var svaret «snakk med kyrkja».

Store hendingar

Sjefsbiskopen i Den norske kyrkja er vertsskap, og saman med biskop Tor Singsaas i Nidaros bispedømme har Byfuglien arbeidd fram ei gudsteneste som skal bli prega av «takksemd og glede».

– Vi er glade for å ha ein konge og eit kongepar som viser at dei høyrer til i kyrkja, og som viser vilje til å delta på store hendingar i folkekyrkja, seier Byfuglien.

Ho opplever ikkje at Den norske kyrkja, som kongen er medlem av, er blitt mindre viktige for Norges statsoverhovud sjølv om Stortinget i 2012 vedtok grunnlovsendringar som gjorde Norge til ein konfesjonsfri stat og Den norske kyrkja meir sjølvstendig, meir på line med andre ­trussamfunn.

LES MEIR Kongen dropper kirkemøtet

Kom ikkje

I 2012 mista kong Harald den formelle rolla han og forgjengarane hadde hatt i Den norske kyrkja; som kyrkjas overhovud. Fram til for fire år sidan hadde Norges konge ein grunnlovsfesta leiarposisjon i majoritetskyrkja.

I april i år braut kong Harald ein årelang tradisjon: Han gjesta ikkje det nyvalde Kyrkjemøtet, han sat ikkje på første benk saman med kyrkjeleiarane og statsråden.

Kyrkjerådsdirektør Jens-Petter Johnsen fortalde Vårt Land at dei ikkje hadde nokon ­indikasjon på at kongens nei hadde ein samanheng med grunnlovsendringane.

– Vi registrerer at kongehuset har styrka relasjonen til andre trus- og livssynssamfunn, utan at det ser ut til å gå på kostnad av kontakten med Den norske kyrkja, sa Johnsen.

LES MEIR Ønsker at kongen sier unnskyld

Kyrkjemøter

Når Vårt Land blar gjennom kongens program i frå 2012 og fram til i dag, finn vi kong Harald i ei lang rekkje kyrkjer, på kyrkjelege samkomer og festar.

• Første programpost i kongeparets 25-årsjubileum, var ei gudsteneste i Slottskapellet i Oslo.

• I januar var kong Harald med å vigsle Sør-Hålogalands nye biskop, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, i Bodø domkyrkje. Jusnes blei Nord-Norges første kvinnelege biskop.

• Under fjorårets fylkestur til Finnmark gjesta kongeparet Kjøllefjord kyrkje.

• I 2014 deltok kong Harald på Nasjonal økumenisk gudsteneste i Nidarosdomen i Trondheim. Gudstenesta var ein del av 200-års jubileet for Grunnlova av 1814.

• Same år gjesta kong Harald ei festgudsteneste i Bergen i samband med at Sjømannskyrkja feira 150 år.

– Sidan 2012 har kongen alltid vore tilstades på bispevigslingar, fortel Byfuglien.

Vere kristen

Etter kyrkjeforliket på Stortinget i 2008, som varsla at banda mellom stat og kyrkje blir slakkare, greip kong Harald personleg inn for å hindre at Stortinget skulle fjerne kongens kristne ­vedkjenningsplikt frå Grunn­lova. Dåverande kyrkjestatsråd Trond Giske (Ap) blei kalla inn til kongen, og dei folkevalde gjorde i 2012 som kongen hadde ønskt:

«Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske religion», står det å lese i paragraf 4 i Grunnlova.

Følgde etter

Jubileumsgudstenesta 23. juni i Nidarosdomen skal ha band tilbake til signinga for 25 år sidan, fortel biskop Byfuglien.

– Det blir ei gudsteneste i spennet mellom det folkelege og verdige. Ho skal ha preg av glede og takksemd for kongeparets gjerning gjennom 25 år, fortel ho.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter