Nyheter

Abortsyn viktig ved dommarval

Donald Trump lova veljarane ein konservativ høgsterett som kan endre USAs abortlovgjeving.

I juli sa høgsterettsdommar Anthony Kennedy takk for seg. Han blei pensjonist. Dermed fekk president Donald Trump høve til å nominere ein ny dommar til landets mektige høgsterett.

Valet fall på Brett Kavanaugh, ein 53 år gamal republikanar, som i dag er dommar i ein ankedomstol i Washington.

Kavanaugh er imot abort, men det er ikkje sikkert at han vil stemme imot høgsterettsavgjerda frå 1973, som gjorde abort lovleg i USA.

Tett

Senatet skal godkjenne Trumps kandidat, og der er det tett. Dersom John McCain, som er kreftsjuk, ikkje kan møte når Senatet skal behandle utnemninga i haust, har republikanarane knappast mogleg fleirtal med berre 50 av 100 senatorar, mot 49 demokratar.

Og: den moderate republikanaren Susan Collins frå Maine har allereie kunngjort at ho ikkje vil stemme for ein kandidat som kan komme til å stemme for å oppheve avgjerda frå 1973.

På den andre sida er det to til fire demokratiske senatorar frå normalt republikanske delstatar, som står andsynes eit vanskeleg mellomval i haust, som kan kome til å stemme for Trumps kandidat. Det vil sikre senatsplassen deira.

LES OGSÅ: Abort kan bli lovleg i pavens heimland

Lenge

Fordi han berre er 53 år gamal, kan Kavanaugh bli sitjande i tiår dersom han blir godkjent av Senatet. Amerikanske høgsterettsdommarar sit livet ut eller til dei frivillig går av. Slik som Kennedy i sommar.

Kennedy var mannen i midten som balanserte mellom fire konservative og fire liberale dommarar. Det var takka vere hans stemme at homofile ekteskap blei legalisert, og han forsvarte konsekvent kvinners rett til abort.

Prege

Neil Gorsuch, Trumps første dommarutnemning, som blei teken i eid i fjor, er med sine 50 år den einaste dommaren i høgsterett som er yngre enn Kavanaugh. Trump er ein av få presidentar som har fått nominere to dommarar til landets høgste domstol.

Dermed kan han prege amerikansk politikk lenge etter at han har flytta ut av Det kvite hus.

Motstand

Chuck Schumer, leiar for demokratane i Senatet, vil gjere alt han kan for å stoppe Trumps kandidat, mellom anna på grunn av Brett Kavanaugh abortsyn.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter