Nyheter

Abortlov under press

ANNO: Ungdomsparti ønskjer å utvide retten til sjølvbestemt abort med seks veker. KrF vil andre vegen - og fekk lokketonar frå Høgre.

Dagens abortlov er 40 år. Han trådde i kraft 1. desember 1978. Hausten 2018 blei det på nytt strid om retten til abort.

Oppspelet kom frå AUF, Arbeidarpartiets ungdomsparti. I august gjekk dåverande leiar Mani Hussaini ut i Vårt Land og varsla at AUF ønskte å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker, avvikle abortnemndene og «finne en løsning som også sikrer reell selvbestemmelse etter uke 18».

AUFs utspel blei følgt kraftig opp av Unge Venstre (UV). Sondre Hansmark varsla, i eit intervju med Vårt Land, at han som leiar i UV ville doble dagens grense, opp frå 12 veker til 24. Og som AUF; kutte abortnemndene.

Medan AUF og UV skulle fatte abortvedtak på haustens landsmøte, hadde Framstegspartiets Ungdom (FpU) allereie avgjort saka i april. FpU hadde for første gong programfesta ei liberalisering. Dei unge i FpU ønskte sjølvbestemt bort fram til veke 18.

Avvist

Utspela engasjerte breitt. Medan moderpartia Ap og Venstre sa nei, klargjorde dåverande helsetalsmann i Frp, Bård Hoksrud, at partiet ikkje ville vere harde i klypa:

– I Frp har vi ikkje eitt partistandpunkt til abortgrensa. Vi stiller representantane fritt, sa Hoksrud. Sjølv meiner han at 12 veker fungerer fint.

Mellom dei som tydeleg sa i frå om kva dei meinte om abortgrenseordskiftet, var stortingspresidenten:

– Ikkje rør abortloven. Flyttar vi ­dagens abortgrense, endrar vi samfunnet vårt, sa Tone Wilhelmsen Trøen (H).

Ho meiner den 40 år gamle loven balanserer tre rettar «heilt presist»:

- Kvinnas rett til sjølvbestemt abort, fosterets rettar og korleis samfunnet vårt skal handtere retten til abort.

Slo ring

Landsmøtet til AUF vedtok krava AUF-leiaren presenterte i Vårt Land: 18 veker og ingen abortnemnder, medan landsmøtet til Unge Venstre ikkje følgde leiaren. Her vedtok delegatane ei abortgrense på 18 veker, ikkje 24 som Hansmark argumenterte for.

Ordskiftet om liberalisering fekk Høgre til å røre på seg. Statsministerpartiet vedtok på eit landsstyremøte i september at «det er uaktuelt med endringar i abortloven».

Vedtaket viste at Høgre hadde behov for å helse til KrF, sa valforskar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger til Vårt Land.

Ordskifte

Eit par veker seinare, i oktober, small abortstriden på nytt inn i den politiske kvardagen.

KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad gjekk ut og sa at partiet bør ha abortendringar som eit av sine viktigaste krav i eventuelle regjeringsforhandlingar, anten det blei med dei borgarlege eller med Ap og Sp.

Erna Solberg svarte straks. Som leiar i Høgre, ikkje som statsminister. Ho sa at Høgre opnar for å kunne støtte KrFs krav om forbod mot såkalla tvillingabort. Og partiet var open for endringar i lovparagrafen som gjev rett til abort etter 12. veke for foster med alvorleg sjukdom, som til dømes Downs syndrom.

Solbergs utspel sette fyr på abortdebatten. I Stortinget blei statsministeren bombardert med spørsmål frå Ap og SV. Partia fryktar Solberg vil endre den 40 år gamle abortlova i feil retning.

Forhandlingar

I november blei det organisert demonstrasjonar mot planane om å endre abortloven på 33 stadar i Norge. Bere i Oslo møtte vel 8.000 personar opp utanfor Stortinget:

40 år etter at Stortinget vedtok loven om sjølvbestemt abort gav dei Solberg-regjeringa ei tydeleg melding: «Ikkje rør abortloven».

I januar skal KrF forhandle med Høgre, Frp og Venstre. Målet er ei fleirtalsregjering. Partia er svært usamde om abort.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter