Nyheter

12 millionar meir til familievern

Skilsmissebarn skal få tilbod om samtale. Unge førstegongsforeldre skal få ekstra oppfølging.

Barneminister Solveig Horne (Frp) vil styrkje familievernet med fem millionar kroner. Pengane skal gå til at fleire barn kan få tilbod om samtale når foreldra går frå kvarandre.

- Det førebyggande arbeidet til familievernet er avgjerande for å gi familiane trygge rammer. Vi må gi familievernet ei større moglegheit til å snakke med barn som opplever samlivsbrot. Fleire barn skal få tilbod om samtale slik at dei blir høyrt, seier Horne.

LES ALT OM STATSBUDSJETTET HER

Første barn

Horne føreslår også å auke løyvinga til hjelpeprogrammet Nurse Family Partnership med sju millionar kroner. Målet er å gi ekstra støtte til unge foreldre som får sitt første barn. Programmet legg vekt på å følgje opp familiar som treng ekstra støtte over tid.

Meir i eingongsstønad

På familiefronten ønskjer Horne også å prisomrekne eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon frå 44.190 kroner til 45.295 kroner per barn. Dermed er eingangsstønaden auka med vel 10.000 kroner sidan 2013, opplyser statsråden.

LES OGSÅ: Aukar adopsjonsstøtta

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter