Nyheter

103 lokallag mistar statsstøtta i valåret 2019

103 lokallag mistar statsstøtta i valåret 2019. Eitt parti er spesielt hardt råka.

– Forklaringane skal verkeleg vere tungtvegande når ein ikkje har evna å overhalde rapporteringsfristen, seier Anders Grøndahl, sekretariatsleiar i Partilovnemnda.

Staten yter raus støtte til politisk arbeid. Ved førre val, stortingsvalet i 2017, delte staten ut 407 millionar kroner til politiske parti på nasjonalt, regionalt og lokal nivå, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tilbake krev staten rapportar. I fjor haust sendte Partilovnemnda varsel om mogelege vedtak om avkortning av statleg partistøtte for 2019 til alle parti og partiledd som bryt partilovens krav om å rapportere inntekter og kostnadar i 2017 til SSB.

Grandes heimkommune

No er dommen for 2019 klar: «Partilovnemnda har fattet vedtak om avkortning av partistøtte i 2019 for 103 partier eller partiledd som ikke har levert økonomirapport i 2018.» For året 2018 var det tilsvarande talet 148.

Hardast råka er eit av regjeringspartia. Heile 21 lokale Venstre-lag har mist den statlege partistøtta for valåret 2019 har Partilovnemnda avgjort.

Mellom dei 21 lokale Venstre-laga som ikkje får statleg støtte i år, er Overhalla Venstre. Overhalla i Trøndelag er heimkommunen til Venstre-leiar Trine Skei Grande. Sjølv er ho valt inn på Stortinget frå Oslo.

Låg aktivitet

Generalsekretær Marit H. Meyer skriv i ein epost til Vårt Land at fem-seks av partilaga har rett og slett gløymt tidsfristen:

– For ytterligere tre kan dette skyldes forglemmelse i forbindelse med sammenslåing av lokallag som følge av kommunereformen. For de resterende, så har det vært relativt liten aktivitet siste år. Men det positive er at i for eksempel Øvre Eiker, Gran, Våler og Åmot så stiller vi liste igjen i år og håper på fornyet aktivitet. I kun åtte av lagene på listen så er det ikke aktivetet per nå. Det skulle vi ønske oss, selvfølgelig.

LES MER: Sp-regnskap får kraftig kritikk

Alle parti

På oversikten over kva parti som mistar mest støtte, kjem tre opposisjonsparti på plassane bak Venstre:

SV, 12 lokallag.

Arbeidarpartiet, 9 lokallag.

MDG, 8 lokallag.

Partiet De Kristne, 7 lokallag.

Kystpartiet, 6 lokallag.

Raudt, 5 lokallag.

Piratpartiet, 5 lokallag.

Senterpartiet, 5 lokallag.

Demokratane, 4 lokallag.

KrF, 4 lokallag.

Høgre, 4 lokallag.

Frp, 3 lokallag.

Pensjonistpartiet, 3 lokallag.

Samfunnspartiet, 2 lokallag.

Viktige inntekter

Slått saman er det totalt snakk om 534.412 kroner. Grunnstøtta per lokallag er i år sett til 1.352 kroner, i tillegg kjem det 13,06 kroner per stemme til lokalpartiet ved førre val.

Brevvekslingane mellom partilag og Partilovnemnda viser fram fleire fortvila tillitsvalde:

«Jeg kan ikke annet enn å sterkt beklage at vi for første gang ikke har oppfylt rapporteringsplikten, og vi håper på at vi mottar støtte for 2019, som er et viktig år, selv for et lite lokallag som ikke har andre inntekter utover partistøtte og medlemskontingent», skriv Eli Skoland, leiar i Nord-Odal Høyre.

Men dommen i nemnda var hard: «Nord-Odal Høyre mottar ikke statlig partistøtte i 2019.»

LES MER: Sp får bot for pengerot

Skulda på IT-kompetanse

I svarbrevet til Træna Sp skriv nemnda at «På grunn av manglende datakompetanse har ikke lederen av Træna Sp vært i stand til å levere økonomirapporten via Altinn-portalen» - og legg så til: «Support hos SSB var tilgjengelig i hele rapporteringsperioden, og kontakt med og støtte fra fylkesleddets side var i neste instans også en mulighet partiet kunne ha benyttet seg av.» Træna Sp får ikkje statsstøtte i 2019.

Årets runde i Partilovnemnda avdekkjer også at nokre lokallag ikkje har rapportert inntekter og kostnadar fordi dei er lagt ned, men dette er ikkje meldt inn på rett vis.

La ned lokallaget

Mellom dei 21 lokallaga som har fått brev frå Partilovnemnda om at dei ikkje vil få statsstøtte i år, er Overhalla Venstre i Trøndelag. Tidlegare leiar fortel at den manglande utbetalinga betyr lite:

– Lokallaget blei lagt ned då Venstre valde å samarbeide med Framstegspartiet og gå inn i regjeringa, seier Håvard Vannebo, ein av dei tre Venstre-medlemmene som er att i Overhalla.

Tapte ved 2011-valet

Venstre sat i kommunestyret i Overhalla fram til 2011, og kan skilte med lange og staute tradisjonar. Partiet har mellom anna hatt ordføraren.

– Men me datt ut ved valet for åtte år sidan. Venstre gjekk inn for eigedomsskatt, det gjorde ikkje Senterpartiet, fortel Vannebo.

Senterpartiet har styrt Overhalla sidan 2003, og har fleirtalet i kommunestyret - og har innført eigedomsskatt.

Har potensiale

Håvard Vannebo fortel at dersom Venstre avsluttar regjeringssamarbeidet med Frp «er det eit potensiale til å skipe eit Venstre-lag på nytt».

Då lokallaget blei lagt ned, blei midla til lokallaget overført til fylkeslaget.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter