Drepen rappar med songar for sommaren
Pop Smoke er eit av fleire eksempel på at rapp og hiphop er det rocken ein gong var: Ein sjanger der skjebnane til artistane er like lite føreseielege som musikken.
Pop Smoke vart skoten og drept i februar i år. Sist veke kom debutplata hans ut.
Wikimedia Commons
Siste veke kom endeleg Shoot for the Stars Aim for the Moon, plata som skulle gjere Pop Smoke til superstjerne. Men Bashar Barakah Jackson, som han eigentleg heitte, vart berre tjue år gammal. Den 19. februar i år vart han skoten og drepen etter at fire maskerte menn braut seg inn der han budde.
Drap og fengsel
Før kunne rocken skryte, men no er det rappen og hiphopen som er farleg og spennande. For skjebnen til Pop Smoke er ikkje unik.