Endeleg kan familien Nandrup reise til Indonesia som misjonærar

MISJON: I starten av mars i fjor sa familien Nandrup ja til å bli misjonssambandsutsendingar. Ein pandemi seinare og eitt familiemedlem rikare nærmar det seg avreise. Saman med 38 andre gjer dei seg i desse dagar klar til utanlandsopphaldet.

Førti nye misjonærer i Misjonssambandet
ULIKE REAKSJONAR: Henrik og Ingebjørg Nandrup håpar å endeleg få reise til Indonesia i august. Når dei fortel at dei skal reise ut som misjonærar reagerer folk med alt frå å bli rørt, nysgjerrige eller med eit «Å huffa meg».
Publisert Sist oppdatert

– Me kunne ikkje setje livet på vent. Verda er ei litt anna enn då me sa ja til å bli utsendingar i starten av mars i fjor, så me måtte ta valet om å reise ut heilt på nytt, seier Henrik Nandrup.

Året som har gått har ikkje blitt som planlagt for han og kona Ingebjørg. I august i fjor skulle dei nemleg ta med seg sonen sin Filip til millionbyen Medan i Indonesia som utsendingar for Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet).

Når dei no forhåpentleg reiser ut i august, eitt år seinare enn planlagt, er det med eitt ekstra familiemedlem med på flyttelasset. Vesle Elise ligg og søv i vogna si på balkongen i leilegheita ekteparet kjøpte for å leige ut medan dei var utanlands, men som no har blitt heimen deira det siste året.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP