KONSERVATIV: Eszter Sándorfi trur ingen ideologi kan ta over heile verda, sjølv om det ho omtalar som «den progressive rørsla» prøver på det no.
Erlend Berge
Ungarns ambassadør kallar LHBT-kampen «propaganda»: – Det minner meg om kommunismen eg vaks opp i
Det var rett før jul at Ungarns profilerte ambassadør til Norge, Eszter Sándorfi, besøkte Frogner kirke, rett borti vegen for der ambassaden hennar ligg. I kyrkja på vestkanten i Oslo var det fint, men Sándorfi lét seg forbause over kor få det var til stades og at det nesten berre var gamle folk. To veker tidlegare hadde ho vore på ei av fleire katolske messer på polsk som vart arrangert i St. Olav kirke den dagen, og det var nesten fullt og alle generasjonar representert.
– I Norge mister folk verkeleg kontakt med religionen. Det er ikkje ein del av dagleglivet eller livet dykkar lenger.
– Kva mister vi, trur du?