Ein kan ana ei langsam vårløysing på kyrkjeteigen – både i Noreg og i andre land som det er naturleg å samanlikna seg med.
Det sildrar inn meldingar frå fleire kantar. Fleire unge melder seg inn i Den norske kyrkja. Unge menn oppsøker katolske og ortodokse kyrkjelydar i Noreg. Fleire frikyrkjer og kristne organisjonar melder om auka pågang til leirar og kristne skular.
Og ikkje minst: Siste fakta om Finland viser at det heilt sidan koronakrisa og Russlands brutale invasjon av Ukraina i 2022 har vore ei jamn stigning i gutars kristne tru i vårt naboland. Det siste året ser det også ut til at jentene følgjer etter.
Korleis skal ein så forklara denne vårstemninga i Norden?

Å finne det sanne eg
Er det ei vekking på gang? Vel, det er absolutt lov å håpa og be. Er det ei mannsrolle i krise som no endeleg finn si løysing? Meir om det litt seinare.
Er det slik at den såkalla Generasjon Z er meir opne for religion og tru? Tja, det er ikkje godt å seia.
Problemet med generasjonsteoriane er at dei er alt for grovmaska og deterministiske - og dessutan umogelege å falsifisera. I beste fall kan dei gi mytisk språk til store skifter i tilveret, ikkje magiske forklaringar på kvifor menneske fødd i eit bestemt årsspenn oppfører seg som dei gjer.
I påvente av meir data frå feltet, lat oss difor starta i ei litt anna ende:
For over tretti år sidan skreiv den kanadiske moralfilosofen Charles Taylor boka The Ethics of Authenticity. Her presenterer han eit dilemma som kan kasta ljos over nokre av dei endringane som no ser ut til å spira fram.
Taylor argumenter for at autentisitet som moralsk ideal må bli tatt på alvor. Ideen om at vi menneske finn vårt sanne eg gjennom vala vi tar formidlar nemleg eit svært attraktivt syn på livet for mange menneske i skuggen av romantikken og det moderne gjennombrotet, understrekar Taylor.
Når det å velja sjølv, og det å kjenna at valet er ekte, vert retningsgivande for både liv, barneoppdraging og tru, så vert naturleg nok førestillingar om originalitet og intensjonalitet heilt sentrale.
Autentiske, intensjonelle og originale
I tida etter Taylors lansering av autentisitet som nøkkelomgrep har mange kyrkjer og kyrkjelydar brukt mykje krefter på å vera nettopp autentiske, intensjonelle og originale.
Relevans har vorte fremste valuta for kyrkjer som prøver å gjera seg fagre og attraktive på trusmarknaden.
Kanskje er det grunn til å revurdera dragninga mot relevans ørlite?
Det er få som tviler på at draumen om det ekte framleis er viktig.
Men problemet er at mange av dei kyrkjelege relevansentreprenørane ser ut til å ha gløymt del to i Taylors analyse av autentisitetens tidsalder.
Sjølvvalet som ideal gir nemleg berre meining dersom det finnest andre ideal og verdiar – utover sjølvvalet – som er både viktige og vektige.
Så kan ikkje alt reduserast til sjølvval, intensjon, originalitet og autentisitet likevel.
Det finnest også institusjonar. Som staten, rettsvesenet, skulen, kyrkja og familien.
Og akkurat dette er viktig. For det er nettopp institusjonane som praktiserer og overleverer idear, verdiar og praksisar forankra i ein historisk arv som ikkje så lett kan tenkjast bort ved hjelp av sjølvvalet.
«Muscular Christianity»
Det blir særleg tydeleg i omskiftelege og urolege tider.
Når vi vert tvungne til å vurdera kvifor noko er viktigare enn noko anna.
Då ser ein også at kyrkja si tiltrekkingskraft ikkje er avgrensa til det varme, nære og intensjonelle disippelfellesskapet.
Nei, folk tar også på seg finskjorta og stillar seg opp ved søylene i katedralen, nytrente og nyvaska, for å få opplæring i katekismen og bøya kne for altaret. Medan senga ligg nyoppreidd heime.
Og, nettopp knebøy kan kanskje vera ein inngang til å forstå kvifor nokon koplar auka religiøs interesse hos unge menn til ei revitalisering av ideane frå ei gamal rørsle – muscular Christianity.
Uttrykket muscular Christianity dukka opp i Victoriatidas England og er særleg knytt til romanen Tom Brown`s School Days (1857) av forfattaren Thomas Hughes.
Romanen er ein danningsromanen som tar for seg karakterbygging av unge menn gjennom fysisk og åndeleg fostring. Knebøy, der altså.
Boka formidlar eit tydeleg danningsideal: Kroppen er gitt av Gud og skapt for å bli underlagt trening – både moralsk og fysisk.
Noko som er større
Men det stoppar ikkje med dette. Målet med slik trening er nemleg å kunne yta betre vern til dei som treng det, i lys av kristne ideal om rettferd. Med andre ord: Du trener knebøy for å kunne stå opp for andre.
Det grunnleggjande poenget er at det finnest noko som er større enn deg sjølv, noko som det er verdt å bøya kne for.
I eit slikt danningsklima er det klart at viljen og valet ikkje lever aleine.
Nei, intensjonane må bryna seg mot institusjonen. Tillit og tru veks fram både i nære og varme relasjonar, men også i kontakt med tradisjon, arv og institusjonar.
Det kan vera lett å avfeia dragninga mot fysisk og andeleg knebøy hos unge menn som utslag av eit reaksjonært og revansjistisk mannsideal.
Det er ikkje eit forsvar for ein forelda folkekyrkjeideologi
Problemet med slike analyser er at dei ofte opererer med eit moralsk overtak. Det gjer at ein lett både misforstår og undervurderer tiltrekningskrafta og den historiske arven desse danningsideala representerer.
I Finland undrar ein seg også over om ikkje kyrkjas institusjonelle arv er attraktiv nettopp som motkultur.
Poenget er dette: Akkurat som Taylor argumenterte for at autentisitet som moralsk ideal må bli tatt på alvor, så er det også god grunn til å ta den auka interessa for institusjon, arv og verdiar på alvor.
Meir enn gode intensjonar
Når unge menn og kvinner søkjer til kyrkja og tradisjonane, så er det grunn til å lytta og følgja med.
For kyrkja sin eigen del kan det vera greitt at jakta på relevans og autentisitet ikkje står aleine.
Kyrkja er nemleg ikkje berre eit fellesskap av disiplar, men også ein institusjon.
Det er ikkje eit forsvar for ein forelda folkekyrkjeideologi.
Hegemoniet er historie.
Nei, det er ei erkjenning av at kyrkja – også som norsk attraksjon – er meir enn gode intensjonar.
Og det inneber at folk som oppsøkjer kyrkja – særleg i tider med krise og uro – gjerne vil ha både kyrkjerom og kyrkjekaffi, preike og prat, liturgi og smågrupper.
Om enn ikkje alltid i like dosar og på same tid.