Eg ser at Vårt Land har teke opp ein aldri så liten debatt om kyrkjedemokrati, eller skal vi seia om Open Folkekyrkje? Inngangen til debatten var i alle fall om «partipisk» i Open Folkekyrkje, noko som for underteikna sin del minte veldig om ein stråmann.
Det er svært spesielt å kalla det partipisk at Open Folkekyrkje har eit kyrkjepolitisk program når vi stiller til kyrkjepolitiske val.

Kjempa mot kupp
No straks er det Kyrkjemøte. Her vert saker sjølvsagt avgjorde ved fleirtalsvedtak – og ved kompromiss. Kompromiss er gjerne også fleirtalsvedtak. For alle vedtak er det slik at somme får meir gjennom av sine standpunkt enn andre, og så «belitar» vi alle oss så mykje som vi synest vi kan eller vil. Det vere seg i Kyrkjemøtet – eller i Open Folkekyrkje.
Eg høyrer til dei eldste kyrkjemøteutsendingane, men dei nyare i kyrkjepolitikken. Femti år har eg bak med i organisasjonsliv av ymse slag. Eg har vore med og kjempa mot udemokratiske krefter i organisasjonar på 70-talet – og det same på 2000-talet. Eg torer å seia at eg har vore med og kjempa mot kupp, lokalt og nasjonalt. Heldigvis er kvardagslivet i organisasjonar jamnast eit iherdig arbeid for å gjera demokratiet betre – og i gode augneblinkar lukkast i å gje grastrotdemokratiet større makt. Eg saknar den siste vinklinga frå Vårt Land si side.
Eit effektivitetens altar
At Den norske kyrkja har direktedemokrati til både bispedømeråd og Kyrkjemøte, er det ypparste uttrykket for det norske folkestyret frå landets i særklasse største sivilsamfunnsorganisasjon. 3,44 millionar medlemer stiller både idretten og LO (som eg har vore med i sidan 1977) i skuggen. Ved kyrkjevala har alle ei røyst, uansett makt og posisjonar i kyrkja og samfunnet elles. Meir demokratisk kan det ikkje verta. Dyrt er det sjølvsagt, og for den del mindre «effektivt» enn somme måtte ynskja. Men vi kan ikkje selja ut kyrkjedemokratiet på eit effektivitetens altar – sjølv om vi må diskutera tenlege måtar å gjennomføra vala våre på. Å ha 3,44 millionar medlemer og vera utnemnd til folkekyrkje forpliktar oss på demokratiet som ingen annan sivilsamfunnsorganisasjon.
Dag Sele frå Nominasjonskomiteen tok i Vårt Land før påske til orde for å vri kyrkjedemokratiet i ei meir ordinær organisasjonspolitisk lei med sokna som grunneining og indirekte val frå sokna til bispedømeråd og kyrkjemøte. I tillegg oppfattar eg at han ynskjer seg eit system med val (meir) på personar enn lister. Det er vel ordninga vi hadde før skiljet med staten og den nye demokratiseringa av kyrkja? Og som fleire, mellom anna frå innvalde på nominasjonskomiteanes lister, insisterer på framleis skal vera del av, eller kanskje einaste, måten å velja tillitsvalde i kyrkja?
Bramfritt referera
Det nye kyrkjedemokratiet er transparent og ope med program og lister med personar som har forplikta seg på ei liste sitt program (med unntak av dei regelfesta listene til nominasjonskomitear i bispedøma). For meg er det grunnleggjande at kyrkjemedlemer skal vita kva dei får når dei røystar på ei liste. I Open Folkekyrkje har vi landsmøte (og landsstyre) som er så ope at Vårt Land bramfritt kan referera frå det utan å ha vore til stades!
Eg høyrer det vert sagt at det nye kyrkjedemokratiet har ført til meir polarisering av debattar i kyrkja. Mon det? Det krev sitt å utvikla openheit i debattar som før har vore meir lukka. Og det nye kyrkjedemokratiet er nytt – og med det uferdig. Det må vi ikkje vera redde for, men leggja godviljen til for å utvikla slik at stadig fleire av kyrkjemedlemene vil kunna kjenna seg heime i kyrkja si. Vi må dessutan ha den respekten for kyrkjemedlemene at dei får eit program å røysta på, ikkje berre namn. Det er ikkje for mykje i eit ekte kyrkjedemokrati.