Eg hadde venta meir av Jens Kihl
DEBATT: Eg forventar av ein redaktør (og andre) at ein har respekt for meiningsmotstandaren, og at ein tar alvorleg det som blir sagt. Ein kommentator som brukar hersketeknikkar kan fort gli over i å vere den som sjølv kansellerer andre sine meiningar.
DEBATT: – Jens Kihl tilla Ystebø mange meiningar, og sjølv om dei vart avkrefta, så fortsette han berre med det same, skriv innsendaren om debatten i Dagsnytt 18.
Eigentleg er eg ikkje ein tilhengar av «debatten om debatten» i staden for kva som er saka vi debatterer. Men sidan eg er overbevist om at «ord betyr noko», og at korleis vi møter kvarandre gjennom dialog, er vesentleg for korleis vi som samfunn endar ut, så må vi også snakke om debattform.
Bakgrunnen for dette innlegget er ein Facebook-tråd i etterkant av at eg høyrde ein debatt på Dagsnytt 18 der kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl og Joel Ystebø (KrF) diskuterte aldersgrensa på filmen «Spermageddon».
Måten dette vart gjort på frå Kihl si side var svært spesiell. Han tilla Ystebø mange meiningar, og sjølv om dei vart avkrefta, så fortsette han berre med det same. Det er diverre ikkje uvanleg i ein politisk debatt at ein blir så oppteken av sine eigne poeng at ein ikkje klarer å høyre kva den andre seier. Eller kanskje ein ikkje vil høyre det?
Bestill abonnement her
KJØP