Det handlar om kjønn og transpersonar. Andreas Papas skriv: «Ingen er usamde med KrF i at undervisinga i skulen skal vera kunnskapsbasert eller at kjønn handlar om biologi». Kva er då problemet? Det KrF har gått hardt ut mot er korleis ein del lærebøker ikkje legg biologisk kjønn til grunn, men omtalar kjønn som noko «flytande» som du kan definere sjølv. At det først og fremst er eit spørsmål om identitet framfor biologi. Og kritikken KrF har hatt mot at FRI (Rosa kompetanse) vert nytta som rettleiar for lærarar, bygger nett på at dei ikkje erkjenner det.

Men å ut frå det dra ein slutning om at KrF er mot transpersonar, og er «fordomsfulle og nedlatande i møte med ei sårbar gruppe», er og blir feil.
Trygg og god behandling
Det er ein grunn til at staten har stramma inn behandling av kjønnsinkongruens og behandling for det til å vere samla på Rikshospitalet. Det viste seg at mange behandlarar ikkje knytte krav til skikkeleg utgreiing av ungdomane. Det er vanskeleg å tru at den store auken som har vore hos ungdom (særleg jenter) som ønskjer å skifte kjønn ikkje har noko med påverknad og psykisk helse å gjere.
Det er ein grunn til at staten har stramma inn behandling av kjønnsinkongruens og behandling for det til å vere samla på Rikshospitalet
(Og nei, det betyr ikkje at eg meiner alle transpersonar eller andre har ein psykisk diagnose.) Men dei har krav på god og trygg behandling. Og ikkje det helseforetaka definerer som «utprøvande behandling». Det kan fort vise seg at ein var på veg inn i ein ny helseskandale.
Ulike kjønnsidentiteter
Sjølv om ein meiner det berre finst to biologiske kjønn, så finst det ulike kjønnsidentitetar. Og dei har sjølvsagt krav på respekt, likebehandling og menneskeverd som alle andre! Eg reknar med SV og KrF er einige om det. Og også om at alle har krav på ei rett undervising og ei fagleg forsvarleg helsebehandling.
Eg håpar vi slepp fleire av denne typen åtak i valkampen. Det er ikkje godt for nokon.