Med fleire nivå i himmelen og vatn til nattverden

ANDRES TRO: Kva skjer eigentleg i ei mormonargudsteneste? Som ein nysgjerrig sjel med eit sterkt ønske om å forstå andre menneske, tok eg utfordringa då Vårt Land bad meg skrive ein artikkel om ei vitjing hos Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage – eit trussamfunn eg visste lite om frå før.

TEOLOGI: – Dei teologiske skilnadane er så store at eg forstår godt kvifor mormonarane ikkje er medlem i Noregs Kristne Råd, skriv Gjermund Øystese.(Foto: Privat)
Publisert Sist oppdatert

Eg har lenge hatt eit myteomspunne inntrykk av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, eller mormonarane som mange kallar dei. Korleis lever dei ut trua si i kvardagen? Kva trur dei på, og korleis ser ei gudsteneste ut hos dei?

Mine einaste erfaringar med mormonarane er vage minne om faren til ein barndomskompis av meg som var mormonar, og dei velkledde, unge amerikanarane eg ofte har møtt i norske byar, kledd i dress og slips med namneskilt. Nokre av dei har eg dessutan dei siste åra fått ei rekkje venneforespurnader frå på Facebook, noko som gir eit inntrykk av ein iherdig innsats for å nå ut til folk.

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage har éi forsamling i Bergens-området, med rundt 120–150 aktive medlemmar. Dei held til på Fantoft, eit område prega av eit mangfald av nasjonalitetar. Det var ikkje lett å få kontakt med forsamlinga, men etter litt detektivarbeid og bruk av personlege kontaktar fekk eg etter kvart tak i ein av leiarane der. Eg blei vist vidare til ei uoffisiell nettside med detaljar om møteverksemd og aktivitetar. Mystikken vart ikkje mindre av dette.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP